Image 1 of 6 Of:  Danger Sign Copyright:  Ingrid@NVE Comment:  Vestvendt side med laussnøskred, usikker på skredtidspunkt.
Image 2 of 6 Of:  Tests Copyright:  Ingrid@NVE Comment:  Ca, 700 moh. Lille blokktest gav brot på rimlag 75 cm under snøoverflata. Krystallar var ca. 2 mm, laget var tynt, og brotet glatt, men det skulle relativt mykje belastning for å få brot.
Image 3 of 6 Of:  Tests Copyright:  Ingrid@NVE Comment:  Det kjem desverre ikkje så godt fram på bilete, men det var godt utvikla rimkrystallar i snødekket.
Image 4 of 6 Of:  Tests Copyright:  Ingrid@NVE Comment:  Det er også eit lag som er ei blanding av hagl og kantkorn som gir brot med STOR belastning.
Image 5 of 6 Of:  Weather Copyright:  Ingrid@NVE
Image 6 of 6 Of:  Snow Profile Copyright:  Ingrid Skrede Comment:  Snøprofil ca. 700 moh.
Danger Sign
• Recent avalanches • Område: I dalen/fjorden. Beskrivelse: Det har gått våte laussnøskred i solvendte heng. Eg er usikker på rastidspunkt, men veit at nokre gjekk i går, og det er ikkje utenkeleg at nokon har gått/vil gå i dag.
Snow Cover
• 125 cm • No snowdrift • 0 cm • Snow line at 50 masl. Layered snow begins at 500 masl • Some loose snow (1-10cm) • Dry • Etter mildvær fredag og laurdag er snødekket smelteomvandla opp til ca. 500 moh. Det har danna seg smelteriller som har fryst i ettertid. Vidare oppover til 650 moh er det ei tynn skare på tørr laus snø. Det har starta å danne seg kantkorn under skara, men dei er ikkje godt utvikla enda. Vidare mot høgda er det ca. 10 cm laus ubunden snø. Det finnast svake lag i snødekket, og eg såg både rimlag og kantkornlag. Rimlaget var tynt, og med godt utvikla krystallar, men eg såg det berre ein stad, og der låg det djupt og det skulle mykje til for å påverke det i stabilitetstestar. Kantkorn var berre delvis utvikla og krystallar var små og lag tjukke. Unntaket var mot toppen av fjellet der snødekket var tynt. Der var det 3-4 mm store godt utvikla krystallar under skarelag. Utbreiinga og kor godt det var uvikla såg ut til å variere på korte avstandar.
Weather
• No precipitation • 6 °C • 0 m/s • 1% clouds • Sidan mandag har det vore fint vær med sol. Det er kaldt og minusgrader om nettene, og på dagtid opplevast også lufta som kald, sjølv om det er opp mot 6 grader (i lavlandet).
Avalanche Problems
• Dry slab avalanche • Buried weak layer of faceted snow near surface • Within half a meter • Easy to trigger • Possible • 3 - Large • Some steep slopes N, NE, E, SE, S, SW, W, NW above 500 masl • Stabilitetstestar viste ikkje spesielt ustabile lag i dag, men det finnast både kantkorn- og rimlag i snødekket. Utbreiinga, eigenskapane og dybda ser ut til å variere relativt mykje på korte avstandar. Det har gått fleire flakskred i alle himmelretningar nyleg, noko som viser at dette er eit skredproblem. Personar har vore involvert i dette både på Risenosa, Fingeren, Skårasalen etc. Dei svake laga stabiliserer seg ikkje i denne værsituasjonen.
• Loose wet avalanche • Loose snow • Spontaneous release • Possible • 2 - Medium • Some steep slopes SE, S, SW, W • Det er relativt kaldt, og det er kun i bratte fjellsider, helst med eksponert fjell, der sola står på, at dette er eit skredproblem. Dei fleste stadar held snøoverflata seg kald gjennom heile dagen.
Avalanche Danger Assessment
• Det er eit komplekst snødekke, som har fleire vedvarande svake lag. Desse er ikkje godt utvikla alle stadar, men der dei er det, kan skred få vesentleg størrelse. Slik det er no er det vanskeleg å vurdere kvar svake lag er tilstade og ikkje, og det er dermed krevande å ferdast trygt i skredterreng. • Skredfara vil vere utforandra fram til det blir endring av værsituasjonen (søndag?). • 3 Considerable • Forecast correct • Eg observerte ikkje fokksnøproblem i dag, men var heller ikkje der dette er forventa å vere.