Image 1 of 6 Of:  Avalanche Activity Copyright:  Cato Leganger Comment:  Bilete mot Bjørndalstindane. Det har gått to middels store skred inne i bollen. Det eine har nok gått før eller under siste snøfall då det var dekka av nysnø, men det andre har nok gått siste døger. Det var i tillegg skred som har gått frå nordsida og ned i dalbotn, samt nokre skred som hadde gått i sørsida av dalen. Dette tyder på at begge eksposisjonar er utsett.
Image 2 of 6 Of:  Avalanche Activity Copyright:  Cato Leganger Comment:  Biletet syner vestsida av Melderskin. Det er gått mange skred i rennene ned frå topplatået - det er stort sett spor etter skredaktivitet i botn av alle rennene - t.d. renna i midten av biletet. Truleg har det gått i løpet av natta/dagen i dag. Dette tippar eg er det same fokksnøflaket som eg observerte andre plassar og som har løyst ut.
Image 3 of 6 Of:  Snow Profile Copyright:  Cato Leganger Comment:  Det er tydeleg lagdeling med mange lag nedover i snødekket. Det som er mest ustabilt er dei øverste laga med inntransportert nysnø (ca 9 cm) oppå mildværsskare (ca 5 cm). Under mildværsskaren er det eit tynt nysnølag/tørrsnø (ca 1 cm) som igjen kviler oppå 5 cm med skare. Under dette er det porøs masse med smelteomvandla snø (homogen masse) som igjen ligger oppå eit svakt kantkornlag. Under dette kantkornlaget er det skare til bakken. Dette i grove trekk.
Image 4 of 6 Of:  Tests Copyright:  Cato Leganger
Image 5 of 6 Of:  Avalanche Problems Copyright:  Cato Leganger Comment:  Dårleg bilete, men brotet var relativt jamnt over heile profilen. Tydeleg kantkornlag over underliggande skare.
Image 6 of 6 Of:  Avalanche Problems Copyright:  Cato Leganger Comment:  Relativt jamnt brot - type Q2.
Danger Sign
• Recent avalanches • Observerte ein del ferske skred som truleg har gått i løpet av natta/dagen, samt ein del skred som truleg har gått siste 24 timar. Eksposisjonen til skred var nordvest, vest og sørvestlege brattheng. Tilsynelatande har øverste laget kollapsa og sklidd ut - høver godt med analyse av snøprofil.
Avalanche Activity
• 6. Apr. 6-12 • Dry slab avalanche • Numerous (10 or more). 2 - Medium. Spontaneous release • Many steep slopes. N, S, SW, W, NW. Not between 1000 masl and 600 masl • Observerte skred i alle disse eksposisjonane. Det er truleg det øverste fokksnølaget som har sklidd ut. Dette kviler oppå eit lag av mildværsskare. Det er igjen eit svakt og tynt (1 cm) lag av nysnø mellom denne mildværsskaren og eit nytt skarelag. Ved test av snøprofil, så var det dette tynne nysnølaget som kollapsa, men begge disse er ustabile. Basert på dette er det truleg at det er dette som har kollapsa og ført til ein del skred. Merk at ein del av skreda var rimeleg store - type små til middels.
Snow Cover
• 100 cm • No snowdrift • 10 cm • Elevation of new snow 300 masl. Snow line at 250 masl. Layered snow begins at 500 masl • Some loose snow (1-10cm) • Dry • Tørrsnø frå omlag 400 moh. Skare lågare nede. Det kom omlag 10+ cm med tørrsnø i går. Denne har sett seg litt, men er framleis laus høgare oppe. Frå 1000 moh er det vekselsvis vindpakka/skare - spesielt på ryggane. Tørrare snø i lesidene. Det har blese ein del frå vest/sørvest.
Tests
• ECTN13@14cm(Q2) • Medium
Avalanche Problems
• Dry slab avalanche • Buried weak layer of faceted snow above a crust • Within a meter • The collapsing weak layer is thin < 3 cm. • Difficult to trigger • Possible • 3 - Large • N, NE, E, SE, S, SW, W, NW • Eg lokaliserte kantkornlaget i vestvendt side, men det er truleg å finne i alle eksposisjonar. Snøprofilen eg grov var på omlag 700 moh. Eg fekk ikkje laget til å gå i brot ved ECT, men heile blokka sklei ut då eg la spaden bak profilen og pressa den fram. Ein bør moglegvis vere ekstra obs der snødekket er tynnare. Det er godt mogleg laget held ein skikøyrar, men eit fall eller tilsvarande belastning kan potensielt løyse det ut der det er bratt nok.
• Dry slab avalanche • Buried weak layer of new snow • Within half a meter • The weak layer collapses easily and clean (easy propagation). The collapsing weak layer is thin < 3 cm. • Spontaneous release • Likely • 2 - Medium • Many steep slopes N, S, SW, W, NW not between 1100 masl and 700 masl • Det er eit svakt lag av tørrsnø mellom to skarelag. Litt usikker på korleis denne tørrsnøen har funne vegen inn mellom disse, men moglegvis innføyka før øvste mildværsskaren oppstod. Det bryter relativt lett (13 slag). Det er ein del skred i området, og storleiken på disse tyder på at det er dette laget som har løyst ut. Felles for disse skreda er at det er godt over 30 grader bratt der dei har løsna, så eg ville vore ekstra obs i alle brattheng til dette har fått stabilisert seg. Det er venta mildvær utover neste veke, noko som bør få det til å stabilisere seg fort, men då gjerne med ein kortvarig og ekstra ustabil periode.
Avalanche Danger Assessment
• Relativt ustabilt lag av fokksnø. Mange skred observert som korrelere med funnet av dette laget. Ver obs til dette har fått stabilisert seg. Vurdere det til potensiale i mange bratte heng. Dette er det mest aktive laget i snødekket no, men det er også eit ustabilt kantkornlag nede i snødekket som ein skal vere obs på. Om/når dette vert aktiv, så har det potensielt både stor utbreiing og det kan gi middels store skred - kanskje større. • Det er meldt ein del nedbør i helga som potensielt kan gi enda større belastning på eit skjørt snødekke. Dette fører til ein ustabil situasjon gjennom helga og ut i starten på neste veke. Utover neste veke er det meldt mildare vær som etter kvart vil få dette fokksnølaget til å stabilisere seg. • 3 Considerable • Forecast correct
Notes
• Eg observerte også nokre få parti der glideskred er under oppbygging. Observerte at det var byrja å sleppe i overkant, men det er tydelegvis ikkje nok strekk i det til at det sklir ut enda - moglegvis ekstra belastning i form av regn kan føre til at dette vert eit problem enkelte plassar.