Bilde 1 av 6 Av:  Skredaktivitet Opphavsrett:  Cato Leganger Kommentar:  Bilete mot Bjørndalstindane. Det har gått to middels store skred inne i bollen. Det eine har nok gått før eller under siste snøfall då det var dekka av nysnø, men det andre har nok gått siste døger. Det var i tillegg skred som har gått frå nordsida og ned i dalbotn, samt nokre skred som hadde gått i sørsida av dalen. Dette tyder på at begge eksposisjonar er utsett.
Bilde 2 av 6 Av:  Skredaktivitet Opphavsrett:  Cato Leganger Kommentar:  Biletet syner vestsida av Melderskin. Det er gått mange skred i rennene ned frå topplatået - det er stort sett spor etter skredaktivitet i botn av alle rennene - t.d. renna i midten av biletet. Truleg har det gått i løpet av natta/dagen i dag. Dette tippar eg er det same fokksnøflaket som eg observerte andre plassar og som har løyst ut.
Bilde 3 av 6 Av:  Snøprofil Opphavsrett:  Cato Leganger Kommentar:  Det er tydeleg lagdeling med mange lag nedover i snødekket. Det som er mest ustabilt er dei øverste laga med inntransportert nysnø (ca 9 cm) oppå mildværsskare (ca 5 cm). Under mildværsskaren er det eit tynt nysnølag/tørrsnø (ca 1 cm) som igjen kviler oppå 5 cm med skare. Under dette er det porøs masse med smelteomvandla snø (homogen masse) som igjen ligger oppå eit svakt kantkornlag. Under dette kantkornlaget er det skare til bakken. Dette i grove trekk.
Bilde 4 av 6 Av:  Tester Opphavsrett:  Cato Leganger
Bilde 5 av 6 Av:  Skredproblem Opphavsrett:  Cato Leganger Kommentar:  Dårleg bilete, men brotet var relativt jamnt over heile profilen. Tydeleg kantkornlag over underliggande skare.
Bilde 6 av 6 Av:  Skredproblem Opphavsrett:  Cato Leganger Kommentar:  Relativt jamnt brot - type Q2.
Faretegn
• Ferske skred • Observerte ein del ferske skred som truleg har gått i løpet av natta/dagen, samt ein del skred som truleg har gått siste 24 timar. Eksposisjonen til skred var nordvest, vest og sørvestlege brattheng. Tilsynelatande har øverste laget kollapsa og sklidd ut - høver godt med analyse av snøprofil.
Skredaktivitet
• 6. apr. 6-12 (+02:00) • Tørre flakskred • Mange (10 eller mer). 2 - Middels. Naturlig utløst • Mange bratte heng. N, S, SV, V, NV. Ikke mellom 1000 moh og 600 moh • Observerte skred i alle disse eksposisjonane. Det er truleg det øverste fokksnølaget som har sklidd ut. Dette kviler oppå eit lag av mildværsskare. Det er igjen eit svakt og tynt (1 cm) lag av nysnø mellom denne mildværsskaren og eit nytt skarelag. Ved test av snøprofil, så var det dette tynne nysnølaget som kollapsa, men begge disse er ustabile. Basert på dette er det truleg at det er dette som har kollapsa og ført til ein del skred. Merk at ein del av skreda var rimeleg store - type små til middels.
Snødekke
• 100 cm • Ikke snøfokk • 10 cm • Nysnøgrense på 300 moh. Snøgrense på 250 moh. Grense for lagdelt snø er på 500 moh • Litt tørr løssnø (1-10cm) • Tørr • Tørrsnø frå omlag 400 moh. Skare lågare nede. Det kom omlag 10+ cm med tørrsnø i går. Denne har sett seg litt, men er framleis laus høgare oppe. Frå 1000 moh er det vekselsvis vindpakka/skare - spesielt på ryggane. Tørrare snø i lesidene. Det har blese ein del frå vest/sørvest.
Tester
• ECTN13@14cm(Q2) • Middels
Skredproblem
• Tørre flakskred • Kantkornet snø over skarelag • Innen en meter • Laget der bruddet skjer er tynt < 3 cm. • Vanskelig å løse ut • Mulig • 3 - Store • N, NØ, Ø, SØ, S, SV, V, NV • Eg lokaliserte kantkornlaget i vestvendt side, men det er truleg å finne i alle eksposisjonar. Snøprofilen eg grov var på omlag 700 moh. Eg fekk ikkje laget til å gå i brot ved ECT, men heile blokka sklei ut då eg la spaden bak profilen og pressa den fram. Ein bør moglegvis vere ekstra obs der snødekket er tynnare. Det er godt mogleg laget held ein skikøyrar, men eit fall eller tilsvarande belastning kan potensielt løyse det ut der det er bratt nok.
• Tørre flakskred • Nedføyket svakt lag med nysnø • Innen en halv meter • Det svake laget bryter både lett og glatt. Laget der bruddet skjer er tynt < 3 cm. • Naturlig utløst • Sannsynlig • 2 - Middels • Mange bratte heng N, S, SV, V, NV ikke mellom 1100 moh og 700 moh • Det er eit svakt lag av tørrsnø mellom to skarelag. Litt usikker på korleis denne tørrsnøen har funne vegen inn mellom disse, men moglegvis innføyka før øvste mildværsskaren oppstod. Det bryter relativt lett (13 slag). Det er ein del skred i området, og storleiken på disse tyder på at det er dette laget som har løyst ut. Felles for disse skreda er at det er godt over 30 grader bratt der dei har løsna, så eg ville vore ekstra obs i alle brattheng til dette har fått stabilisert seg. Det er venta mildvær utover neste veke, noko som bør få det til å stabilisere seg fort, men då gjerne med ein kortvarig og ekstra ustabil periode.
Skredfarevurdering
• Relativt ustabilt lag av fokksnø. Mange skred observert som korrelere med funnet av dette laget. Ver obs til dette har fått stabilisert seg. Vurdere det til potensiale i mange bratte heng. Dette er det mest aktive laget i snødekket no, men det er også eit ustabilt kantkornlag nede i snødekket som ein skal vere obs på. Om/når dette vert aktiv, så har det potensielt både stor utbreiing og det kan gi middels store skred - kanskje større. • Det er meldt ein del nedbør i helga som potensielt kan gi enda større belastning på eit skjørt snødekke. Dette fører til ein ustabil situasjon gjennom helga og ut i starten på neste veke. Utover neste veke er det meldt mildare vær som etter kvart vil få dette fokksnølaget til å stabilisere seg. • 3 Betydelig • Varslet faregrad er riktig
Notater
• Eg observerte også nokre få parti der glideskred er under oppbygging. Observerte at det var byrja å sleppe i overkant, men det er tydelegvis ikkje nok strekk i det til at det sklir ut enda - moglegvis ekstra belastning i form av regn kan føre til at dette vert eit problem enkelte plassar.