Hopp til hovedinnhold

Fjellskredvarsel for Veslemannen tirsdag 23.10.2018

Høyeste farenivå per dag
4

Ekstrem

Publisert:

Varsel

Bevegelsane er noko reduserte.

Vurdering

Laurdagskveld heva NVE farenivået for Veslemannen til rødt, med bakgrunn i vêrvarsel om mykje regn, og at fjellpartiet er svært sensitivt for vasstilførsel. Søndagsmorgon auka hastigheitene ved fjellpartiet som følgje av mykje regn. Utover ettermiddagen blei det kaldare og nedbøren har komme som snø sidan. Dette har ført til noko reduserte bevegelsar sidan det kjem mindre vatn til området, men det gir også meir usikkerheit i måledata. Hastigheita er no omlag 15 cm/døgn i øvre del av området, og 2-3 cm/døgn i nedre del av området. Sidan det framleis er høge bevegelsar og noko usikkerheit i måledata opprettheld NVE raudt farenivå. Veslemannen er ein relativt liten, men svært aktivt del av det ustabile fjellpartiet Mannen i Romsdalen. Medan dei årlege bevegelsene i Mannen (utenom Veslemannen) er nokre få cm i året, har den mest aktive delen av Veslemannen bevegd seg over 4,7 meter den siste månaden. Veslemannen har et volum på 120 000 - 180 000 m3, noko som utgjer rundt ein prosent av det totale volumet av Mannen. Under raudt farenivå blir det publisert daglige rapportar om Veslemannen på www.nve.no.

Instruks

Du bruker informasjonen på eget ansvar. NVE tar forbehold om at det kan forekomme trykkfeil og mangler. NVEs vurdering av farenivå er basert på tilgjengelige måledata, observasjoner, meteorologiske data og gjelder for hvert høyrisikoobjekt. Du tilpasser egen risiko i utsatte områder ved å velge når, hvor og hvordan du ferdes.

Se dagsrapporten her (pdf)

Kart

Varselhistorikk

Måledata

Bevegelser

Målinger Siste døgn Sist uke Sist måned
Radar pkt 1 (øvre del) (mm) 197 1009 4763
Radar pkt 2 (øvre del) (mm) 109 496 2966
Radar pkt 6 (nedre del) (mm) 23 158 476

Meteorologiske data

Målinger Avlesning Siste døgn
Temperatur (°C) 4,1
Nedbør (mm) 9

Bilder og filer

Plassering av radarpunkt.
Plassering av radarpunkt.
Bevegelse sidan laurdag, 20. oktober.
Bevegelse sidan laurdag, 20. oktober.

Ukesrapporter

År Uke Oppsummering Rapport
Abonner på varsel