Hopp til hovedinnhold

Sørpeskred går også på solskinsdagar

Publisert: 19.04.2023

Sørpeskred kan førekome på fine vinterdagar med sol, der snøsmeltinga er intensiv. Denne skredtypen kan komme svært uventa på mange. Jordskredvarslinga i NVE varslar berre når det er regional fare for sørpeskred som er utløyst av regn og snøsmelting.

Sørpeskred utløyst av intens snøsmelting, observert 17. april 2023, Geirangerfjellet i Møre og Romsdal. Foto: regobs/erlend@mrfylke

Sørpeskred kan førekome på fine vinterdagar med sol, slik vi har det no i deler av landet. I solhellingar kan snøsmeltinga bli intensiv. Brå vêrendringar med regn og snøsmelting forbindast oftast med sørpeskred.

Sørpeskred er hurtig bevegelse av vassmetta snømassar. Dei skil seg frå ein del andre typar skred, sidan dei startar i relativt slakt terreng (0°-30°), ofte i forseinkingar eller i bekke- og elveløp. Skreda kan fortsette ned bratte skråningar og få stor fart og kraft, og bevege seg langt. Sørpeskred kan komme svært overraskande på, ettersom dei både førekjem i slakt og bratt terreng og kan strøyme rundt forhøgningar og hindringar.

Sørpeskred er mindre kjent enn mange av dei andre skredtypane. Lokalt kan dei gå under andre namn. Nokre dømer er: vasskred, vassfonn, vassdemme, flombekk, flaumbylgje, dapefonn og dapeskott.

Har du sett skred eller fareteikn?

Du kan hjelpe oss å forbetre flaum- og jordskredvarslinga ved å sende oss bilete av fareteikn, skadar og konsekvensar nær deg i Varsom Regobs-appen. Du kan og sende oss bilete med e-post til jordskredvarsling@nve.no.

Vil du lese meir om sørpeskred og varslinga? Sjekk ut link Sørpeskred