Hopp til hovedinnhold

Varsom-appen kan lastes ned i App Store eller Google Play

Les mer om hvordan du kan lese og registrere observasjoner på Regobs | Varsom.no.

Viktig informasjon til turister | Varsom.no

Grunnvasstatus i Noreg - 7. juli 2023

Publisert: 07.07.2023

Den siste månaden har grunnvasstanden stige noko dei aller fleste stader i heile landet. Dette til trass for at juni månad 2023 vart den 8. tørraste på landsbasis sidan ein starta med nedbørsmålingar i 1900.

Figur 1: Karta over viser berekna grunnvasstand for 7. juni og 7. juli 2023. Nivåa er sett i forhold til gjennomsnittleg grunnvasstand for same dato i referanseperioden 1981-2010. Grunnvasstanden er simulert ved hjelp av HBV-modellen, med temperatur og nedbør frå Metereologisk Institutt sine godkjende vêrstasjonar som inndata. Kjelde: Senorge.

Frå låg til svært høg grunnvasstand i nord

I Nordland og Troms har normale nedbørsmengder gjennom juni månad restaurert grunnvassnivåa jamnt over frå svært låge og låge til høge og svært høge. Òg i Finnmark har grunnvasstanden teke seg opp gjennom månaden, til trass for at juni har vore "svært tørr" i fylgje Metereologisk Institutt (MET) sin månadsrapport

Noko høgare grunnvassnivå òg i sør

I Sør-Noreg har grunnvassnivået òg auka ein del over større områder den siste månaden. Særleg indre deler av Austlandet fekk meir nedbør enn normalt gjennom månaden og har fylgjeleg fått påfyll i sine grunnvassreservoar. Resten av Sør-Noreg fekk mindre nedbør enn vanleg i juni, og grunnvasstanden er framleis relativt låg i dei austlegaste delane av Austlandet, i Langfjella og langs kysten av Nord-Vestlandet.

Lågtrykk pregar vêret i sør framover, meir stabilt i nord

Dei kommande vekene er det venta at lågtrykk vil prege vêret i Sør-Noreg, medan vêrtilhøva i nord er venta å vere meir stabile. 

Figur 2: Figuren viser det landsomfattande grunnvassnettet i Noreg, med utvikling i grunnvasstand for utvalde stasjonar den siste månaden. Svart line viser målte verdiar, medan dei grøne linene er 25- og 75-persentilane. Området mellom desse representerer normalområdet for den enkelte stasjonen. Kjelde: senorge.no