Rapport - dødsulykke i Hemsedal 31.12.22
Publisert: 09.02.2023
Nyttårsafta 2022 omkom ein mann ved skikøyring utanfor løypene ved Hemsedal skisenter.
EIn mann omkom ved skikøyring i nærleiken av Hemsedal skisenter nyttårsafta. Han vart teken av eit skred i ein trang bekkedal. Slike terrengformasjonar som aukar konsekvensane ved skredutløysing vert kalla terrengfeller. Det var skredproblem både med vedvarande svakt lag av kantkorn og fersk fokksnø tilstades i skredområdet. Mannen køyrde på ski åleine.
Råd for skikøyring utanfor løyper:
- Alltid køyr minst 2 i saman som kan hjelpe kvarandre ved skred eller andre ulykker
- Bruk skredsøkar og ha med spade og søkestang ved ferdsel i skredterreng
- Bruk kart over helning og utløpsområder i Varsom app som hjelp til å vurdere kva som er skredterreng.
- Lær deg kva som er terrengfeller, unngå slikt terreng.
Gol og Hemsedal Røde Kors hjelpekorps og Norske Redningshundar har saman med NVE skrive ein rapport frå redningsarbeidet og ein vurdering av snødekket. Det er også summert opp kva me kan lære av denne hendinga. Les heile rapporten her.