Snøskredulykker vinteren 2020/2021
Publisert: 21.12.2021
Vinteren 2020/2021 mista 9 personar livet i snøskredulykker i Norge. Kun to av desse brukte elektronisk sendar/mottakar (skredredningsutstyr).
Vinteren 2020 / 2021 omkom 9 personar i snøskred i Norge.
- 7 av desse var utan kameratredningsutstyr.
- I ei ulykke hadde begge dei omkomne kameratredningsutstyr, men begge (heile gruppa) vart tekne i skredet og det var ingen som kunne gjere kameratredning.
- Også denne vinteren var det dødsulykke med person som falt gjennom skavl.
- 4 av dei omkomne var på tur til fots eller på truger.
- 2 av hendingane med tilsaman 3 av dei omkomne var utanfor regionar som har dagleg snøskredvarsel.
- Ingen omkom i snøskred på skutertur.
Les heile rapporten her