Hopp til hovedinnhold

Snøskredvarsel for region Finnmarkskysten torsdag 03.03.2022

Faregrad 2 - Moderat snøskredfare

Publisert:
Skred kan løysast ut i fersk fokksnø. Unngå difor losneområder der det nyleg er lasta inn snø.

Skredfarevurdering

Skred kan løysast ut i fersk fokksnø. Snø som kjem i kombinasjon med vind vil danne fokksnøflak i leområder, hovudsakleg mot sør og aust. Flaka vil truleg stabilisere seg relativt raskt, sidan det er gunstige temperaturar, men når vêret står på vil det vere lett å løyse ut skred og kanskje kan eit og anna skred gå naturleg. Mest snø, og dermed høgt skredfare, er meldt i austlege delar av regionen. Vedvarande svake lag finnast i snødekket, men er truleg vanskelege å påverke.

Skredproblemer

Fokksnø (flakskred)

Du kan lett løse ut skred i noen bratte heng. Skred kan bli store nok til å begrave og ta livet av deg (str 2).

Nedføyket svakt lag med nysnø

Her beskriver vi oppbygningen i snødekket og varslet vær i fjellet på det tidspunktet varselet ble laget. Om dine observasjoner avviker veldig fra det som er beskrevet her, vil ikke nødvendigvis varselet være gjeldende heller. Gjør alltid egne vurderinger eller hold deg unna skredterreng.

Snødekkehistorikk

Onsdag 2. mars 2022

Frå søndag har det vore mildvêr, noko nedbør og periodevis svært sterk vind. Det er få observasjonar om snøen i regionen, men sannsynlegvis har snøoverflata blitt våt til fjelltopphøgde, og har i ettertid fryst på over mildvêrsgrensa, samt blitt dekka av ny vindpåverka snø, ettersom det har blitt kaldare.

Sidan det ikkje har vore så store nedbørsmengder er snødekket truleg ikkje gjennomfukta, og det vil framleis vere lagdelt snø, særleg i indre og austlege delar av regionen, der det har vore minst nedbør. Det gjer at det framleis finnast vedvarande svake lag, både relativt høgt og djupt i snødekket. Desse har vore, og er truleg framleis, vanskelege å påverke.

Fjellvær

Onsdag 2. mars 2022

10 mm i døgnet, opp mot 20 mm i mest utsatt område. Nedbør som regn opp til 300 moh om ettermiddagen. Liten kuling fra sørvest, endring til sterk kuling fra nordvest om ettermiddagen. -8 °C til -2 °C på 700 moh. Skyet. Lavere temperatur utover kvelden.

Torsdag 3. mars 2022

6 mm i døgnet, opp mot 12 mm i mest utsatt område. Nedbør som snø. Stiv kuling fra nordvest. -11 °C til -6 °C på 700 moh. Skyet.

Råd

Varselet er et hjelpemiddel, ikke en fasit. Gjør alltid egne vurderinger. Vil du være helt skredtrygg, unngå alt skredterreng.
Forklaring til snøskredvarselet Abonner på varsler

Relevant innhold

Nyttige lenker

EAWS logo
NVE er medlem av EAWS