Faretegn
• Mye vann i snøen • Regn opp til ca 1000-1100 moh skaper mykje vatn i snøen.
• Fersk vindtransportert snø • Pågåande vindtransport. Litt vanskeleg å sjå kor sterk vindtransport i høgda pga dårleg sikt, men tendensar til lett-moderat transport langs bakken der eg var.
Vær
• Yr • 0 °C • 7 m/s fra V → • 100% skyer • Aukande vind frå i formiddag. Vindretning i dag tidleg, fram til ca 12 var N-NV. Vinden dreia og bles frå vestleg retning utover dagen. Etter kvart som vinden dreia tok også vinden seg opp; lett til moderat snøfokk vart observert. Pålagring av snø i leheng mot Ø og tilgrensande eksposisjoner. Regn på om lag 1000 moh. Det var same temperatur i Odda sentrum som det var på parkeringsplassen til Røldal skisenter; +1 grad. Dette trass i høgdeforskjell på om lag 7-800 moh.
Snødekke
• 120 cm • Lett snøfokk • 25 cm • Nysnøgrense på 800 moh. Snøgrense på 600 moh. Grense for lagdelt snø er på 800 moh • Mye tørr løssnø (10-30cm) • Fuktig • Nysnøgrensa låg i dag tidleg på om lag 7-800 moh. Klokka 15.00 var det regn på ca 1000 moh. Våt og tung nysnø frå ca 700 moh og opp til 1000-1100 moh. Litt tørrere jo høgare ein kjem. Nysnømengde varierer litt, men det har kome om lag 15 cm frå natt til sundag. Det har snøa relativt bra sundag; ca 10+ cm. Der denne får ligge tørr er den tilgjengeleg for vindtransport. Tendensar til byrjande fokksnøflak dannelser i leheng mot aust klokka 14. Ein del lokale variasjonar i snødjupne, snøgrense og grense lagdelt snø for regionen. Generelt lågare for indre del (Røldal) enn ytre del (Rosendal). Noko mildare luftmasser i ytre del enn indre del.
Tester
• LBT11@17cm(Q3) • Middels • Går i brudd i overgangen til øvste skarelag.
• LBT22@32cm(Q2) • Middels • Går i brudd i overgangen til underliggande base av skare og smelteomvandla snø. Dette er mest kritisk av dei to testresultata per tidspunkt eg var ute. God glideflate for eventuelt flakskred.
Snøprofil
• 2 tester knyttet til snøprofilen • Temperatur -4,3 er målt rett under mildvêrsskaren i øvste del av laget. • 5 Lagdeling • 10 temperaturpunkter observert
Skredproblem
• Tørre flakskred • Nedføyket svakt lag med nysnø • Innen en halv meter • Det svake laget bryter både lett og glatt. Det overliggende laget er mykt. Stor, tydelig gjenkjennbar krystall i det svake laget. • Lett å løse ut • 2 - Middels • Noen bratte heng NØ, Ø, SØ over 1000 moh • Regn skaper fuktig snødekke opp til ca 1000 moh. Litt vanskeleg å sette eksakt høgde for skredproblemet då det truleg er ein del variasjoner for regionen.
• Våte flakskred • Opphopning av vann i/over lag i snødekket • Innen en halv meter • Naturlig utløst • 2 - Middels • N, NØ, Ø, SØ, S, SV, V, NV mellom 1100 moh og 600 moh • Regn skaper fuktig snødekke. Overliggende snø kviler på base av frosen smelteomvandla snø.
Skredfarevurdering
• Nye fokksnøflak er under danning i leheng mot aust og tilgrensande himmelretninger; nord og sør. Dette gjeld spesielt over 1000-1100 moh.
Mildvêret fører til mykje vatn i snøen, spesielt under 1000 moh. Dette kan føre til naturleg utløyste våte/tørre flakskred. Også våte laussnøskred kan førekoma. • Aukande vind utover sundagen fører til nye fokksnøflak i leheng mot aust og tilgrensande himmelretninger. Vinden skal minke på måndag før den igjen tek seg opp att frå tysdag av. Det er same vindretning som skal herske så fokksnøproblematikken vil vedvare. • 2 Moderat • Eg synes sundagen og måndagens varsel stemmer godt overens med mine observasjoner i dag. På grunn av dårleg sikt var det vanskeleg å sjå om det var/hadde vore noko skredaktivitet.