Hardanger / Kvinnherad
CatoLeganger@obskorps (***)
Bilde 1 av 7 Av:  Snødekke Opphavsrett:  CatoLeganger@obskorps Kommentar:  Mot Bjørndalstindane.
Bilde 2 av 7 Av:  Snødekke Opphavsrett:  CatoLeganger@obskorps Kommentar:  Mot Hestabotnpynten. Gygrastol kan skimtast heilt til venstre. Ein del nabbar som byrjar å stikke fram. Såg enkelte små laussnøskred som hadde lausna under dei naboane midt i biletet.
Bilde 3 av 7 Av:  Snødekke Opphavsrett:  CatoLeganger@obskorps Kommentar:  Mot Melderskin og Omnatind. Det er mykje snø i høgda, litt takka vere mykje sør-søraustleg vind gjennom vinteren. Ein del store skavlar på topplatåaet på Melderskin.
Bilde 4 av 7 Av:  Snødekke Opphavsrett:  CatoLeganger@obskorps Kommentar:  Øvste del av Nipeskar. Flekkvise innslag av nysnø i toppen og lengre nede, men stort sett smelt-frys skare som tina relativt hurtig opp.
Bilde 5 av 7 Av:  Tester Opphavsrett:  CatoLeganger@obskorps Kommentar:  Det er relativt fuktig i overgangen mellom fokksnø, nysnø og underliggjande smelteformer/skare. Akkurat her eg står så ville eg ikkje bekymra meg, men der det eventuelt har lagt seg oppå glatt skare kan det vere meir ustabilt. Det er snakk om relativt lite til ikkje eksisterande innblåst snø her eg står, men ein kan vere obs på det pga lokale variasjoner i regionen.
Bilde 6 av 7 Av:  Snødekke Opphavsrett:  Cato Leganger Kommentar:  Innslag av nysnø i vest og nordvest vendte leformasjoner.
Bilde 7 av 7 Av:  Skredproblem Opphavsrett: 
Faretegn
• Ingen faretegn observert • Eg er ute tidleg så eg vil anta at skredaktiviteten vil ta seg litt opp utover dagen. Ser nokre skred som tydeligvis har lausna i går. Type skredtstr. 1. Tendenserar til skredstr. 2.
Skredaktivitet
• 1. mai. 18-24 • Våte løssnøskred • Noen (2-5). 1 - Små. Naturlig utløst • Noen bratte heng. SØ, S, SV, V. Mellom 1200 moh og 700 moh • Observerte nokre eldre, lausna siste 12 timar, skred med utspring frå bratte nabbar. Typisk våte laussnøskred som stoppar midt i henget. Enkelte av dei er nok ein mellomting mellom str. 1 og 2.
Vær
• Ikke nedbør • 6 °C • 1 m/s fra Ø ← • 80% skyer • Det er verdt å merke seg at det har smelta relativt lite snø den siste veka. Det er tydeleg at vêrtypen som har prega området den siste veka har hatt ein stabiliserende effekt på snødekket. Nedbøren som fall som snø, ser ein innslagsvis her og der, men den kraftige vinden som prega dei føregåande dagen har flytta ein del av denne nysnøen inn i formasjoner mot nord og nordvest, mens deler av snøen har tilsynelatande blåst vekk. Den ligg som enkelte flekkar, her og der. Men det er sjølvsagt både lokale og regionale forskjeller når det gjeld dette.
Snødekke
• 150 cm • Ikke snøfokk • 5 cm • Nysnøgrense på 1000 moh. Snøgrense på 700 moh. Grense for lagdelt snø er på 850 moh • Skare • Tørr • Ein finn samanhengande skiføre frå skoggrensa, ca. 700 moh, men det er ein del variasjon med omsyn til kva himmelretning du oppheld deg i. I skjerma formasjoner mot nord og nordvest og vest ligg det meir snø, som følgje av mykje vindtransport gjennom vinteren. Snødekket er, tilsynelatande, smelteomvandla opp til iallfall 1100-1200 moh, men her vil det potensielt også vere litt variasjon avhengig av kva himmelretning du oppheld deg i. I renneformasjoner mot nord og nordvest, der det har vore stor pålagring gjennom vinteren, kan det potensielt vere litt anna lagdeling, men det er spekulasjoner. Eg tok to stikkprøver i dag, høvesvis på 1000 moh (NV) og på 1200 moh (S-SØ) og dei hadde meir eller mindre same lagdeling i dei øvste 100+ cm.
Overflata av snødekket varierer. Det ligg eit tynt fokksnøflak i formasjoner mot nord-nordvest. Ein finner også flekkvis innslag av nynsø der vinden ikkje har fått jobba så godt. Smelt-frys skare som tinar opp når sola/temp får tak. Blautsnø nedst mot skoggrensa.
Tester
• CTM14@10cm(Q1) • Middels • Avgrensa potensiale i det.
Snøprofil
• Grov profil på ca 1000 moh mot nordvest. Til ein stikkprøve høgare oppe, på ca 1100 moh mot sørvest. Same lagdeling frå smelt-frys skaren og ned. Ein del ulike islag i stikkprøven, men ingenting av praktisk betydning. • 4 Lagdeling • 6 temperaturpunkter observert
Skredproblem
• Tørre flakskred • Nedføyket svakt lag med nysnø • Innen en halv meter • Det svake laget bryter både lett og glatt. Det overliggende laget er mykt. Stor, tydelig gjenkjennbar krystall i det svake laget. • Lett å løse ut • 1 - Små • Få bratte heng N, V, NV over 1000 moh • Vil anta at det vil dere aktuelt frå ca 1000 moh, men vêret vil føre til at det stabiliserer seg raskt slik at skredproblemet etter kvart vil flytte seg høgare opp.
• Våte løssnøskred • Ubunden snø • Naturlig utløst • 1 - Små • Noen bratte heng N, NØ, Ø, SØ, S, SV, V, NV mellom 1400 moh og 700 moh • Det er relativt milde luftmasser og om sola glyttar fram i enda større grad så vil eg anta att det kan gå våte laussnøskred mellom nedre snøgrense på ca 700 moh og opp til ca 1500 moh.
• Våte flakskred • Vann ved bakken/smelting fra bakken • Naturlig utløst • 3 - Store • Få bratte heng N, NØ, Ø, SØ, S, SV, V, NV mellom 1200 moh og 700 moh
Skredfarevurdering
• Skredfaren er primært knytt til våte laussnøskred og nedføyka nysnølag som kan gi tørre flakskred. Fyrstnevnte skredproblem er knytt til auka temperatur - stig den tilstrekkeleg vil det gi fare for våte laussnøskred.
Sistnevnte skredproblem har særs varierande utbreiing og vil truleg kunne generere skred av storleik 1 til 2. Ver obs om du beveger deg inn i skjerma renneformasjoner mot nord og nordvest. Det vil potensielt vere store lokale og regionale variasjoner når det gjeld dette skredproblemet.
Det er også fare for glideskred så ver obs på sigesprekker og hald avstand til bratte konvekse fjellsider der dette skredproblemet finnes.
Det er også ein del store skavlar som framleis bit seg fast så ver obs om du oppheld deg i nærleiken - over/under - disse. • Vêret i dag, og om prognosane for dei neste dagane slår til, vil ha ein stabiliserande effekt på den ferske fokksnøen der det skredproblemet er aktuelt. Utover det vil situasjon vere relativt like som den har vore den siste tida. • 2 Moderat • Varslet faregrad er riktig • Eg synes varselet stemmer godt overens med mine observasjoner i dag. Litt vanskeleg å sei noko eksakt om fokksnøproblematikken då det kan vere store forskjeller. Det har, tilsynelatande, ikkje kome veldig mykje snø så vinden har ikkje fått flytta på så mykje, men igjen, det kan vere ein del lokale og regionale variasjoner som ein bør vere obs på. Tenker at i disse tider kor folk byrjar å bevege seg inn i brattare formasjoner så er det viktig å opplyse om at det kan vere eit aktuelt problem. Eit tenkt scenario er at det i bratte og relativt trange formasjoner mot nord og nordvest kan ligge ustabile fokksnøflak som kan gi str.2 skred.
Notater
• Legg inn full obs om ca halvannen time. Oppgir meir nøyaktig skildring av snødekket, utvikling obs då. Er så knotete å skrive på tlf.