Faretegn
• Fersk vindtransportert snø • Område: Generelt på fjellet. Skildring: Observerte til dels kraftig snøfokk I dag tidleg. Framleis vind, men ser ikkje same mengde vindtransport no. Mogleg at det ikkje er veldig mykje snø å flytte.
Skredaktivitet
• 9. mai. I løpet av dagen • Ingen skredaktivitet • Framleis tidleg på dag, og til no har det vore lite nedbør. Vil anta at det auka på utover dagen, om regnværet kjem inn.
Vær
• Ikke nedbør • 5 °C • 9 m/s fra SØ ↖ • 95% skyer • Ein del vind i natt og utover dagen i dag. Litt regn i dag tidleg. Stigande temperatur. På veg heim målte eg temp til 11 grader på 600+ moh.
Snødekke
• Snøgrense på 800 moh. Grense for lagdelt snø er på 900 moh • Skare • Fuktig • Variasjon avhengig av kva himmelretning og kor du er i regionen. Snødekket er smelteomvandla opp til ca 900/1000 moh, i alle fall lokalt. Mogleg også høgare, spes. der snødekket er tynt. Ver obs på at det kan variere litt avhengig av kor du er i regionen. I leformasjonar i høgda (over ca 1000+ moh) ligg det betrakelig meir snø.
Overflata er delvis bærende skare, spesielt frå morgonen av, men enkelte plasser trør du gjennom til over anklane ved fots belastning - smeltar fort.
Snøprofil
• Grov ein profil mest for å sjekke kor aktuelt det gamle laget av kantkorn var. Som tenkt, så var det heilt omvandla på denne høgda, men laget var framleis relativt laust som følgje av mykje fuktighet. Vil nok vere representativt for snødekket i deler av regionen opp til ca 1000+ moh. • 4 Lagdeling • 5 temperaturpunkter observert
Skredproblem
• Våte løssnøskred • Ubunden snø • Naturlig utløst • 2 - Middels • Mange bratte heng N, NØ, Ø, SØ, S, SV, V, NV under 1500 moh • Avhengig av nedbør mtp kor høgt det er aktuelt.
• Tørre flakskred • Nedføyket svakt lag med nysnø • Innen en halv meter • Det overliggende laget er mykt. Stor, tydelig gjenkjennbar krystall i det svake laget. • Lett å løse ut • 1 - Små • Noen bratte heng N, V, NV over 1100 moh • Vil anta at str 1 skred er mest aktuelt, men der det er nok snø for transport kan det ha lagt seg opp nok mengde til str 2. Forbigåande. Høge temperaturar og evt regn vil omvandle det relativt fort.
• Våte flakskred • Kantkornet snø under skarelag • Innen en meter • Naturlig utløst • 3 - Store • Noen bratte heng N, NØ, Ø, SØ, S, SV, V, NV over 1000 moh • Det er varierende kor djupt dette laget ligg, og kor høgt ein finner det. I leformasjoner, der det har samla seg mykje snø gjennom vinteren, så kan det ligge djupt. Kjem det nok nedbør som regn vil eg anta at det ein del plasser kan gå ut str 3 skred på dette. Naturlig utløyste. Snødekket var smelteomvandla på 900/1000 moh i dag. Det gamle laget var omdanna. Vil anta at den same prosessen kan ha gått føre seg høgare opp, spes. der dekket er noko tynnare. Mogleg meir potent i indre del, men det er nok godt påvirka der også.
Skredfarevurdering
• Skredfaren aukar utover sundags ettermiddag og gjennom måndag som følgje av mildvêr heilt til topps. Naturleg utløyste våte flak- og laussnøskred er aktuelt. Der vatnet trekker ned i snødekket kan eldre vedv.svake lag aktiveras og vil kunne gi store skred. • Alt er litt avhengig av kor mykje nedbør som kjem. Uansett vil den auka temperaturen føre til svekkelse av stabiliteten i snødekket. Vil også anta at det vil ha litt å sei kor lenge vi må holde på FG 2 eller 3 frå måndag av. • 2 Moderat • Varslet faregrad er riktig • I skrivende stund framleis litt på vent, men slår meldingene til så er stemmer varselet godt.
Notater
• Redigere obs seinere,men synes varsel stemmer godt. Alt er litt avhengig av mengde nedbør. Tempen stig gradvis så vi vil uansett ha auka skredfare komande dager.