Bilde 1 av 9 Av:  Vær Opphavsrett:  CatoLeganger@obskorps Kommentar:  Skodda kom sigende. Redusert sikt på returen.
Bilde 2 av 9 Av:  Snødekke Opphavsrett:  CatoLeganger@obskorps Kommentar:  Skodda kjem raskt. Nordvest-vest side.
Bilde 3 av 9 Av:  Snødekke Opphavsrett:  CatoLeganger@obskorps Kommentar:  Mot aust. Folgefonna i bakgrunnen.
Bilde 4 av 9 Av:  Snødekke Opphavsrett:  CatoLeganger@obskorps Kommentar:  Mot Nipeskar 1000 moh og Bjørndalstindane 1500 moh.
Bilde 5 av 9 Av:  Snødekke Opphavsrett:  CatoLeganger@obskorps Kommentar:  Enkelte våte laussnøskred i bratte vestvendte sider.
Bilde 6 av 9 Av:  Snøprofil Opphavsrett:  CatoLeganger@obskorps
Bilde 7 av 9 Av:  Vær Opphavsrett:  CatoLeganger@obskorps Kommentar:  Sørvest utover Hardangerfjorden. Utsikt frå 660 moh.
Bilde 8 av 9 Av:  Snødekke Opphavsrett:  CatoLeganger@obskorps
Bilde 9 av 9 Av:  Snødekke Opphavsrett:  CatoLeganger@obskorps
Faretegn
• Ingen faretegn observert • Område: I denne fjellsida. Vil anta at det har vore ein del skredaktivitet utover dagen, men ikkje spesielt fersk aktivitet tidleg på dag: 12-18 timar gamal.
Skredaktivitet
• 16. apr. I løpet av dagen • Sjå førre innmelding.
Vær
• Ikke nedbør • 3 °C • 4 m/s fra S ↑ • 100% skyer • Skodda kom og la seg som eit belte frå 1000+moh og ned. Forbigående, men meir høge til mellomhøge skyer på veg inn.
Varmt! Aukande temp utover dagen. Sola tek godt.
Snødekke
• Ikke snøfokk • Skare • Typisk vårføre: skare morgon - tiner utover dagen. Meir vasstrukke lågare nede - luggar når sola har stått på lenge nok.
Det har smelta ein del snø den siste tida, men det er framleis rikelig. Førre vindsyklus førte ein del snø over i søraust, og påfølgjande runde med nedbør gav regn høgt til fjells. Vinden som kom i følgje med nedbøren gav nok ferske fokksnøflak over sirka 1100 moh, mogleg høgare - mot nordvest. Ikkje høgt nok i dag til å finne det, men observerer at det har gått ein del våte laussnøskred på dette, i høgda.
Indre del har nok framleis litt meir snø enn ytre del, men det er jamt over godt med snø. Byrjar å smelte av på rygger og nabbar i terrenget.
Ein finner samanhengande skiføre frå omlag 400-500 moh, men det byrjar naturleg nok å verte litt skralt nedst. Ein del variasjon avhengig av himmelretning. Solvendte sider mest avsmelta.
Tester
• CTN • God • Attfrose snødekke på denne høgda. Tendensar til sterkt smeltepåvirka kantkorn under skarelaget (1F-P), men lite futt i det lokalt. Må nok høgare opp for å finne noko som minner om "spenst". Skredfare lokalt på dette: FG 1.
Snøprofil
• NV • 20° • Legg inn digital profil seinare, men det var uansett ikkje noko eksplosivt å finne der eg var i dag.
Skredproblem
• Våte løssnøskred • Ubunden snø • Naturlig utløst • 2 - Middels • Mange bratte heng N, NØ, Ø, SØ, S, SV, V, NV over 600 moh • Mange str 1 og relativt enkelte str 2 skred kan forventes, men eg vil anta at det har gått ut ein del skred på dette allereie. Den våte nysnøen som fall her tidlegare i veka har nok fått bevegelse i seg jfr dette. Har observert nokre str. 2 skred som følgje av den fuktige nysnøen som fall.
• Tørre flakskred • Kantkornet snø under skarelag • Innen en halv meter • Laget der bruddet skjer er tynt < 3 cm. Stor, tydelig gjenkjennbar krystall i det svake laget. • Vanskelig å løse ut • 3 - Store • Noen bratte heng NØ, Ø, SØ, S over 1000 moh • Litt vanskelig å vurdere denne no. Kantkorn over skarelag har evt mindre utbreiing, men vil nok vere lett å løyse ut - om det framleis er inntakt (?!). Eg har ikkje funne dette lokalt. Kantkorn under skarelaget har større utbreiing, men er framleis relativt vanskelig å løyse ut pga det harde overliggande laget. Nedre høgde for dette kan nok ligge litt lågare i indre del mot nordvest-nord, men det er godt mogleg det som følgje av regn og mildvær har mista litt "piffen" opp til rundt 1000 moh.
Dette skredproblemet er skumlast der det overliggende laget er tjukt: t.d. mot sør-søraust (kombi av vindtransport og nysnø over skare). I ein del andre himmelretningar er det kun skaren som ligg over det svake laget av kantkorn - og skred kan nok følgjeleg ikkje bli så store. Det kan naturleg nok ligge ein del snø over skarelaget i skjerma formasjoner, i alle himmelretningar. Ein kan vere obs på dette, men eg vil anta at dette framleis er godt beskytta, og ikkje eit veldig aktuelt problem - men vi nærmar oss nok.
Skredfarevurdering
• Ver obs på våte laussnøskred. Tid på døgnet avgjer kor stor faren knytt til skredproblemet er. Ver også obs på vedvarande svakt lag nede i snødekket. Det skal større tilleggslast til for å initiere brot, men ved brot, kan skreda verte store og gi store konsekvenser. Lokal variasjon. • Skikkeleg vårvær frametter fører til ein relativt lik situasjon. Spørsmålet er når fuktigheta drenerer ned til kantkornlag under skaren. Laget ligger mellom to attfrosne smeltelag, og eg vil anta at fuktgheit i dette svake laget vil kunne gi str. 3 skred. Det ligger ein del vindtransportert snø mot sør-søraust, så mtp vêret som er meldt i tida som kjem, så kan vi få aktivitet på dette. • 2 Moderat • Synes det er litt utfordrande å setje eit representativt tal og kommentar på dette i dag. Heilt lokalt der eg var i dag var det FG 1, men eg ser på skredaktivitet siste 24 timar at vi ligger høgare og situasjonen er skarpere. Virkar som om det er ein del forskjell i regionen. Kan argumentere for både FG2 og FG3. Har lyst til å setje FG 2, men usikkerhet i regionen knytt til kantkorn over skarelag kan nok legitimere FG3, men eg er litt i tvil... Men føler i så tilfelle ikkje at den treng vere "skarp". Sjå kommentar under "skredproblem" ang. vedvarende svakt lag. Usikker utbreiing og str pga varierande mengde snø over det svake laget.
Tenker at enn så lenge så vil dei aller fleste skreda ha maks str. 2, på nemnte skredproblem, men når fuktigheta drenerer ned i snødekket til underliggende lag av kantkorn så kan skreda verte større, dog vi er nok på "Få" til "Noen" heng då også pga at skare som ligg over ved.svakt lag er framme i dagen relativt mange plassar, og der vil ikkje skreda har same storleik.