Faretegn
• Fersk vindtransportert snø • Område: Generelt på fjellet. Skildring: Ikkje eit reelt problem, anna enn om du befinner deg på Folgefonna: over sirka 1200 moh. Andre områder har ikkje nok snø til at det er eit fareteikn per no. Vil mogleg gå føre seg litt pålagring i høgda, men ein må truleg opp i 1400 moh - og då er det lite aktuelt terreng.
Vær
• Yr • 6 °C • 15 m/s fra SV ↗ • 99% skyer • Varierande mengde regn i dag, sundag. Regn på innmeldt høgde. Sludd over 1200 moh, tilsvarande høgde for indre del av regionen er på sirka 1000 moh.
Kraftig vind i dag, med primær vindretning sør-vest. 15 m/s - 30+ m/s i kasta på utsatte plasser.
Registrerte +2 grader på ca 1000 moh rundt Røldal. Litt mildare i ytre del rundt Rosendal. Vil anta at det ligger på ca 0 grader på 1200 moh.
Snødekke
• Nysnøgrense på 1200 moh. Snøgrense på 1200 moh • Særs lite snø i regionen.
Nysnøgrensa gjekk i går, laurdag 26. november, på ca 1000 moh i ytre del, rundt Rosendal. Litt lågare Nysnøgrense i indre del, rundt Røldal, men mildare værtype i dag smelta alt som kom under 1000 moh.
Nysnøgrensa går litt høgare i dag, sundag - sirka 1200 moh. Sludd frå ca 1000 moh. Vindtransport frå sørvest, men det er lite snø å flytte på, samt lite snø å legge seg på i motsatte sektorar.
Tynt snødekke, sirka 5-10+ cm, litt meir i forsenkingar i terrenget i høgfjellet, men per no er det ikkje noko problem. Skal ein på ski på Folgefonna, så kan det alltids ligge vindtransportert snø mot nordaust, men det er ganske tja. Folk flest ferdes ikkje der på denne tida av året.
Skredproblem
• Ingen reele skredproblem per i dag.
Skredfarevurdering
• Det er lite snø i regionen, og følgjeleg er skredfaren låg. • Synkande temperatur og nedbør som snø over 1000-1200 moh, i kombinasjon med vind frå sør-aust, kan gi til dels pålagring av snø i nord-vest vendte heng i høgda: over ca 1200 moh. Det er lite aktuelt skiterreng med noverande forhold. • 1 Liten • Ingen reele skredproblem per dags dato pga ikkje tilstrekkeleg mengde snø.