Faretegn
• Ingen faretegn observert • Område: Generelt på fjellet
Skredaktivitet
• 4. des. I løpet av dagen (+01:00) • Ingen skredaktivitet
Vær
• Ikke nedbør • -7 °C • 1 m/s fra Ø ← • 5% skyer • Klarvær siste 48 timar. Ikkje vind av betydning. Fallande temp.
Snødekke
• Ikke snøfokk • 0 cm • Tørr • Dårlig • Tilsvarande situasjon som førre observasjon. Generelt lite snø, men enkelte renneformasjoner og flankar over ca 1000 moh kan ha samla nok snø til å gi eit slags skiføre, betre i høgda, men dette er ikkje spesielt utbreitt regionen sett under eitt. Det kan også ha gått føre seg litt vindtransport, noko som kan gi mindre fokksnøflak i utsette renneformasjonar.
Snømengde mest aktuelt i indre strøk rundt Røldal/Haukeli.
Generelt litt meir snø i høgda i indre del av regionen enn ytre del, men det er ikkje dei store mengdene.
Overflata ber nok preg av ubunden snø, med kanting/rim i overflata - kvalifisert synsing. Lite av det der eg var i dag.
Skredproblem
• Tørre flakskred • Nedføyket svakt lag med nysnø • Vanskelig å løse ut • 1 - Små • Få bratte heng V, NV over 1000 moh • Eigentleg ingen reele skredproblem med nok utbreiing per dags dato. Om abstinensane skulle verte for store og ein vel å oppsøke snødekte renneformasjoner og flankar, i høgda/indre del, så kan det vere formasjonar med vindpåvirka snø - ifm nedføyka nysnø, men dette er ikkje veldig aktuelt. Eg legg det inn som eit skredproblem, men ta det med ei klype "salt".
Skredfarevurdering
• Generelt lite snø i regionen. Enkelte flankar og renneformasjonar kan ha samla nok snø til å gi eit slags skiføre. Det kan i utsette formasjonar vere nedføyka nynsø, men utbreiinga er liten og eventuelle skred vil nok verte små. • Det kan ha danna seg rim/kant i overflata som følgje av kalde dagar. Det er avgrensa underlag å danne seg på, men i enkelte, nevnte formasjonar (flankar og renneformasjonar) så kan ein risikere at dette snør ned - om ikkje det kjem tilstrekkeleg med vind til å bryte det ned. Det er meldt litt nedbør i morgon, måndag. Nevner det for loggføringa sin del. Håpar på tur til Røldal mot slutten av neste veke, og kan sjå om eg finner noko då. Er knapt meldt snø på langtidsvarselet... • 1 Liten • Varslet faregrad er riktig