Bilde 1 av 8 Av:  Snødekke Opphavsrett:  CatoLeganger@obskorps Kommentar:  Mot sør. Det er områder som er avblåst til nedpå skaren. Her har det danna seg overflatekant/rim. 1-2 cm. 2mm. Obs! Om dette snør ned. Tek vinden seg opp, så bles det vekk, men variasjon i vindstyrke i indre del ifht ytre del, kan bevare krystallane i deler av regionen sjølv om det vert eliminert i andre deler.
Bilde 2 av 8 Av:  Snødekke Opphavsrett:  CatoLeganger@obskorps Kommentar:  I høgda. Sterkt vindpåvirka. Mot vest-nordvest.
Bilde 3 av 8 Av:  Snødekke Opphavsrett:  CatoLeganger@obskorps Kommentar:  Tynt lag av nysnø og kant/rim. Mot sør.
Bilde 4 av 8 Av:  Snødekke Opphavsrett:  CatoLeganger@obskorps Kommentar:  Brattheng vestvendte-ish. Ingen aktivitet etter skred.
Bilde 5 av 8 Av:  Snødekke Opphavsrett:  CatoLeganger@obskorps Kommentar:  Blokk til høgre synleggjer brotflate. Ikkje veldig potent. Mot nord.
Bilde 6 av 8 Av:  Tester Opphavsrett:  CatoLeganger@obskorps Kommentar:  Innslag av sprøhagl i det svake laget. Påvirker nok resultatet. Tendens til litt kant i det, men ikkje veldig utprega. Primært vindtransportert snø over delvis nedbroten nysnø.
Bilde 7 av 8 Av:  Tester Opphavsrett:  CatoLeganger@obskorps Kommentar:  CTH
Bilde 8 av 8 Av:  Tester Opphavsrett:  CatoLeganger@obskorps Kommentar:  Sprøhagl i det brotflata.
Faretegn
• Ingen faretegn observert • Område: På dette stedet. Beskrivelse: Ikkje sylfersk vindtransportert snø, men ein ser tydelege spor etter vinden.
Skredaktivitet
• 21. jan. I løpet av dagen (+01:00) • Tørre løssnøskred • Noen (2-5). 1 - Små. Naturlig utløst • Få bratte heng. Ø, SØ, S. Over 700 moh • Har køyrt tur-retur Rosendal-Røldal. Ikkje observert skred av større karakter, kun små skred i solvendte sider. Kan ha litt i mente at sola byrjar å ta litt mtp smelt/frys - kant i solvendte sider i høgda.
Vær
• Ikke nedbør • -6 °C • 2 m/s fra SØ ↖ • 10% skyer • Kaldt og klart vær siste 24+ timar. Ikkje vind av betydning i skrivande stund. Mogleg litt meir trekk i ytre del av regionen. Skal ta seg opp med vind til kvelden - spesielt i ytre del.
Snødekke
• 120 cm • Ikke snøfokk • 0 cm • Nysnøgrense på 0 moh. Snøgrense på 0 moh. Grense for lagdelt snø er på 600 moh • Mye tørr løssnø (10-30cm) • Tørr • Veldig bra • Varierande mengde ubunden snø tilgjengeleg. Til dels avblåst til nedpå skare der vinden har fått jobba mykje, men lokale variasjoner/lokale vindeffektar. Ein del lokalitetar har ubunden snø i alle himmelretningar, men generelt meir ubunden snø der førre vindsyklus ikkje fekk tak. Generelt meir vindpåvirka i høgda. Kant/rim i overflata. Ikkje bekymringsverdig lågare i terrenget med mykje ubunden snø under, men ver obs om dette snør ned der det kviler på fokksnøflak/skare.
Meir snø i leformasjonar, men mengde varierer. Har vore ein del vind frå søraust og følgjeleg ligger det relativt mykje snø mot nordvest og tilgrensande sektorar. Indre del av regionen har meir snø ifht ytre del.
Kantkorn ved bakken, mest aktuelt frå ca 1000 moh og opp, men per no ikkje vurdert som eit aktivt skredproblem.
Skiføret varierer, men dei rette formasjonane gir prima skiføre.
Tester
• ECTX • God • Test for å sjekke evt evne til propagering
• CTH22@37cm(Q3) • God • Om eg legg godviljen til så er det kanskje litt kant i det, men i så tilfelle ikkje veldig potent. Det er iblanda litt sprøhagl, og det oppleves som at det er det som fører til brot. Har trampa rundt, men opplever ingen openbere teikn. ECTX på same stad.
Skredproblem
• Tørre løssnøskred • Ubunden snø • Svært lett å løse ut • 1 - Små • Noen bratte heng N, NØ, Ø, SØ, S, SV, V, NV over 600 moh • Kanskje mest aktuelt i solsidene - der sola får ekstra gunstig vinkel på snødekket, men det er også ein del ubunden snø der vinden ikkje har fått tak. Str. 1 skred vil vere lett å løyse ut i disse formasjonane. Tendens til naturleg utløyst i solsidene.
• Tørre flakskred • Nedføyket svakt lag med nysnø • Innen en meter • Stor, tydelig gjenkjennbar krystall i det svake laget. • Vanskelig å løse ut • 2 - Middels • Få bratte heng N, V, NV over 700 moh • Truleg str. 1 skred, men kan ikkje utelukke str. 2 skred i få heng der vinden har fått jobba. Lokale variasjoner mtp vind. Ikkje like aktuelt over heile regionen, så ver merksam på tegn i snøen som avdekker om vinden har fått jobba.
Skredfarevurdering
• Relativt stabile forhold, men ver obs i formasjonar der vinden bygde opp fokksnøflak under førre runde med vind. Mest aktuelt mot nordvest og tilgrensande himmelretningar. Det er framleis mogleg å løyse ut skred, og ver obs på at sjølv små skred kan gi store konsekvensar. • Obs på kant/rim med bunden snø/skare som underlag. Aktuelt der vinden blåste fram skaren, samt der den bygde opp bundne flak. Mest aktuelt i høgda. Snør dette ned, så får ein fort ein usikker situasjon. Det skal blese litt frå laurdag ettermiddag, frå søraust, så ein del av krystallane vil verte eliminert. Kan få potent skredproblem i motsatt sektor for vind - der rim/kant føykar ned. Ver ekstra obs i skjerma formasjonar mot nordvest og tilgrensande sektorar. Ein kan også vere litt obs på at det er meldt varierande vindstyrke i indre/ytre del. Ein kan risikere at skredproblemet vil vere aktuelt i fleire sektorar i indre del ifht ytre del. Rim/Kant kan også verte eliminert av auka temp, iallfall opp til ei viss høgde. Får følgje med utover veka. Ver obs på fareteikn i snøen. • 2 Moderat • Varslet faregrad er riktig • Tendensar til FG1, men usikker på korleis det er i nordlige del av regionen. Fokksnøflaka har stabilisert seg noko lunde, men det vil framleis vere mogleg å løyse skred - kanskje av str. 2 i få og utsatte heng. Mest truleg str. 1. Ser ingen openbere teikn til kantkorn som problem per no, men det kan fort endre seg.
Notater
• Redigere obs seinare. Tek nokre bilete på veg heim for å synliggjere mengde snø i regionen.