Faretegn
• Ferske skred • Har fått melding om ferske, og truleg naturleg utløyst skred..
Skredaktivitet
• 13. mar. 0-6 • Tørre flakskred • Ett (1). Naturlig utløst • Noen bratte heng. N, NØ. Over 600 moh • Usikker på skredstørrelse, men tipper str. 2 eller 3 med bakgrunn i beskrivelsen. Kjelda vurderte brotkant til 50-100 meter, men her er det usikkerheit.
Snødekke
• Det vert litt spekulering då eg har vore vekkreist, men eg vil anta at vi har fått oppbyggande overflatenære kantkorn som følgje av kaldt og klart vær. Forholda har lege til rette for det. Vil anta at vi har ganske stor utbreiing av dette. Overliggande lag består nok av fokksnø og nynsø, av varierande mengde og utbreiing. Det er også registrert eit skarelag - truleg ligger kantkorn i tilknytning til dette, men om nevnte skred har gått over eller under skarelag, eller kva det har gått ut på, det veit eg ikkje.
Skredfarevurdering
• Eg er ikkje i regionen for tida, men vi har hatt ganske gode forhold for overflatenær kanting i det siste. Med nysnø og fokksnø (usikker på fordeling og mengde) over FCsf, og med nedbør/auka last på snødekket dei neste dagane, så vil eg anta at vi går inn i ein potensielt hissig periode der vi kan få ein del naturlig utløyste skred. Her må vi følgje med!
Notater
• Eg er vekkreist på kurs, men har fått tips om fleire fareteikn.