Bilde 1 av 6 Av:  Snødekke Opphavsrett:  CatoLeganger@obskorps Kommentar:  Fuktig-våte kantkorn, danna nær/i overflata under den kalde og klare perioden for nokre veker sidan.
Bilde 2 av 6 Av:  Snødekke Opphavsrett:  CatoLeganger@obskorps Kommentar:  Eg har ikkje sjanse til å påvirke laget lokalt, men eg spadde ut eit flak. Det er ganske glatt flate; Q1-Q2.
Bilde 3 av 6 Av:  Snødekke Opphavsrett:  CatoLeganger@obskorps Kommentar:  Grov ut flaket. Hakka meg gjennom den harde overflata.
Bilde 4 av 6 Av:  Snødekke Opphavsrett:  CatoLeganger@obskorps Kommentar:  Kantkorn;4f-1f mellom dei to øvste pinnene. Nedbrutt kant lengre nede,mellom to skarelag. Per no er nedste lagdeling ikkje interessant.
Bilde 5 av 6 Av:  Snødekke Opphavsrett:  CatoLeganger@obskorps Kommentar:  Varierende sikt, men ser tydelig spor etter mange skred som har gått ut før helga.
Bilde 6 av 6 Av:  Snødekke Opphavsrett:  CatoLeganger@obskorps
Faretegn
• Ingen faretegn observert • Område: Generelt på fjellet
Skredaktivitet
• 21. mar. I løpet av dagen (+01:00) • Ingen skredaktivitet • Observerer mykje eldre aktivitet - type frå onsdag-laurdag førre veke. Det er tydeleg at det har vore stor skredaktivitet. Av det eg kan observere på avstand, så samenfaller brotkant mykje med kantkorna (overflatenære danna i den kalde perioden forut for siste skredsyklus).
Vær
• Snø • 0,5 °C • 3 m/s • 100% skyer • Font vær i går, måndag. Relativt låge temperaturer og vindstille. Tilskyende i dag. Tek til med nedbør kl. 12. Våt nysnø i lufta.
Snødekke
• 70 cm • Ikke snøfokk • 1 cm • Nysnøgrense på 800 moh. Snøgrense på 500 moh. Grense for lagdelt snø er på 600 moh • Skare • Tørr • Greit • Snødekket bere preg av mildværet som slo inn over regionen førre fredag. Attfrose overflate frå ca 500 -900 moh. Truleg høgare. Varierande kor mykje som skal til for å bryte gjennom skaren/smeltelaget øvst i snødekket. Trør gjennom ved fots belastning enkelte plassar, medan det bere andre. På ski sklir ein lett oppå.
Under det øvste betongharde laget er det eit tjukt lag med overflatekant frå ca 700 moh og opp. Påvirka av mildværet. Isoterm pakke på 800 moh. Vil anta at vi då har same kantkornlag i alle himmelretningar over ca 700+ moh. Relativt lite futt i på 700 moh, mogleg meir potent høgare oppe, men ein bør vere obs på drenering av regn gjennom laget og ned/ut langs underliggande samanfrosne smeltepakke.
For regionen så varierer nok mengde snø ein del, også ifht himmelretningar. I indre del, samt innover i dalane, så er det ok skiføre frå ca 400-500 moh. Høgare på fjordnære fjell.
Tester
• CTN • God • Klarer ikkje å påvirke lokalt, men vil anta at det er enklere å påvirke der snødekket er tynnare/mildværet ikkje fekk like godt feste.
Snøprofil
• NV • 25° • Vedvarende svakt lag: under flak, grunt • 6 temperaturpunkter observert
Skredproblem
• Våte løssnøskred • Ubunden snø • Naturlig utløst • 1 - Små • Noen bratte heng N, NØ, Ø, SØ, S, SV, V, NV under 800 moh • Kan ikkje utelukke str 2 om det kjem tilstrekkelig med regn, men då kanskje i få heng. Vil mogleg arte seg som str 1 eller 2 flak, avhengig av mengde nedbør og drenering. Vil tru dei fleste og mest aktuelle henga har gått ut.
• Tørre flakskred • Nedsnødd eller nedføyket kantkornet snø • Innen en halv meter • Stor, tydelig gjenkjennbar krystall i det svake laget. • Vanskelig å løse ut • 3 - Store • Noen bratte heng N, NØ, Ø, SØ, S, SV, V, NV over 800 moh • Lokalt tendenserar det til svært vanskelig å løyse ut. Kantkorn danna nær/i overflata under førre periode med vedv. kaldt og klart vær. Snødde/føyka truleg ned. Under perioden med stor skredaktivitet (før helga), så var dette skredproblem 1 - vil tru mesteparten av skreda gjekk ut på dette. Av dei bruddkantane og utbreiinga er har observert, så samanfaller det godt med dagens obs. Skredproblemet vil nok vere meir potent i høgda. Lokalt så har det lite futt - her er eg mest bekymra for om det kjem store nedbørsmengder som drenerer ned gjennom dei to øvste laga og ut langs underliggande harde smeltepakke. Det vil nok vere litt forsinkelse på det pga at det øvste laget er relativt hardt og det tek tid for mildværet å bryte det ned.
Skredfarevurdering
• Ver obs på at det framleis er inntakte vedvarande svake lag i snødekket. Det skal per no større tilleggslast til for å skape brot i det svake laget, men om det går skred, så kan skreda verte store. Ver også obs på våte skred i lågareliggande terreng. • Kantkorna var overraskende inntakte på relativt låg høgde over havet. Bør vere obs på om det kjem mykje nedbør som regn på aktuell høgde for kantkorn, så vil vatnet potensielt drenere ut langs smeltepakken under kantkorna. Avhengig av mengde nedbør ifht tid. Mildværet som kjem inn tysdag ettermiddag vil etter kvart svekke bindingane i snødekket, og vi vil kunne få både våte laussnøskred og nokre få våte flakskred under mildværsgrensa. Over mildværsgrensa vil nok svake lag nede i snødekket vere litt vanskeligare å påvirke, men frå onsdag av vil vi i høgda få ferske fokksnøflak. Det er mest aktuelt i høgda - over 1000-1100 moh. Relativt gunstige temp vil gi ein hurtig stabilisering. Tippar vi ligger på ein sterk FG2 eller FG3 for onsdag. • 2 Moderat • Varslet faregrad er riktig • Stemmer bra med min raske observasjon i dag. Skal prøve å komme høgare I terrenget seinare i veka.