Faretegn
• Ingen faretegn observert • Område: I dalen/fjorden
Skredaktivitet
• 27. mai. I løpet av dagen (+02:00) • Ingen skredaktivitet • Det har vore ein værtype som har hatt ein relativt stabiliserande effekt. Kan få auka skredaktivitet ila ettermiddagen som følgje av nedbør ifm regn, men snødekket drenerer tilsynelatande regnet bra. Det er særs (!) varierande kor mykje snø som ligg att.
Vær
• Yr • 6 °C • fra SØ ↖ • 100% skyer • Litt lågare temp ifht tidlegare, men framleis mildt. Tendens til nedbør ifm yr rundt lunsjtider i dag. Aukande intensitet etter lunsj, men tilsynelatande forbigåande. Er meldt meir regn utover dagen - litt usikre prognosar. Tiltakande vind, men det vi i tilfelle fallande temp ikkje ha betydning. Kanskje nedbør som snø på dei aller høgste toppane/Folgefonna - og i grensetraktene mot Hardangervidda og Haukeli i kveld/natt.
Snødekke
• Våt løssnø • Våt • Greit • Det byrjar å verte langt til grensa for fornuftig samanhengande skiføre. I ytre del så finner ein skiføre inst i Blådalen, rundt Blådalshorga. For fjellområda rundt Rosendal, t.d. Omnatind 1360 moh, så er det skiføre frå ca 900 moh. I dalføra/formasjonar som har samla meir snø ila vinteren - typisk mot nord - så kan ein finne formasjonar som gir skiføre til lågare høgde.
I indre del, rundt Røldal, t.d. Håradalen/Røldal skisenter, så ligg det snø ligg lågare. Her kan ein finne eit slags skiføre frå ca 700-800 +/- moh, men det smeltar fort.
Snødekket bere preg av smelteformer. Mot nord, over ca 1000 moh, så kan det finnes lag av hardare samanfrosne smelteformer nede i snødekket, men det drenerer tilsynelatande regnet godt. Kanskje mest aktuelt i indre strøk.
Tester
• CTN • Utførte ingen test i dag då tidsvinduet ikkje tillot skitur til tilstrekkeleg høgdte i dag. Ville heller ikkje funne noko spesielt. Rimelig sikkert rundt -0,3 grader gjennom snødekket. Kanskje utslag i toppen, men truleg ville eg ikkje fått nokon utslag på test anna enn tendensar til str. 1 - våte laussnøskred; lett (ish) å løyse ut. Tenker at, ja, det kan gå naturlig utløyste skred, men truleg vil dei evt verte i grenseland til mindre enn str. 1.
Skredproblem
• Våte løssnøskred • Ubunden snø • Lett å løse ut • 1 - Små • Få bratte heng N, NØ, Ø, SØ, S, SV, V, NV over 1000 moh • Snødekket har vore prega av mildtværet; temp, vind og regn - i lang tid no. Eg landar på "Få heng" då det er varierande kor mykje snø som er igjen. Mange fjellsider, spesielt i ytre del, som har fått høg solinnstråling (i kombi med periodar med regn/vind) er avsmelta høgt/heilt til fjells/topps. Litt forsinkelse i indre del vs ytre del. Markerer difor ut alle sektorane.
Mot nord, og dels tilgrensande sektorar, er det framleis snev av skiføre i ytre del også. Her er det mest aktuelt med nevnte skredproblem, men då i høgda; 1000 moh. Snødekket drenerer regnet tilsynelatande godt, men ved store nedbørsmengder, så kan ein få auka skredaktivtet. Sett "Lett å løyse ut" då eg tviler på stor naturleg aktivitet. Det kan vere aktuelt med nat. utløyste skred der vi har fått litt nysnø, men då må ein høgt til fjells.
Skredfarevurdering
• Generelt stabile forhold. Snødekket bere preg av stor avsmelting. Ved auka nedbørsintensitet så kan ein få skredaktivtet i form av små og våte laussnøskred. Det kan vere lett å løyse ut skred, spesielt der ein har fått litt nysnø. Altså relativt høgt til fjells. Farepotensiale er truleg avgrensa, men ver obs om du ferdes i- eller i nærleiken av terrengfeller då den tunge og seige snøen kan generere nok kraft til å trekke deg utfor skrentar o.l. Mindre aktuelt der ein ikkje har fått nysnø. • Skredfaren auka litt utover ettermiddag/kveld. laurdag, om værprognosane slår til. Det skal auke på med nedbør, og det vil regne høgt til fjells. Vi er likevel på ein FG1. I morgon skal nedbøren avta litt, og skredfaren vil følgje etter. Det som evt har falle/vil falle som nysnø vil binde seg godt til eksisterande snødekke. Det er meldt nedbør ifm snø i høgda natt til sundag og på måndag. Usikker kor mildværsgrensa går ifht når nedbøren fell.
Eg har ikkje observert det i dag, men ver litt obs på ferdsel i- eller nær bratte konvekse formasjonar i høgda der det har opna seg glidesprekker. Her kan det lausne glideskred som vil ha større volum enn str. 1 skred. • 1 Liten • Varslet faregrad er riktig • Stemmer godt!
Notater
• Går truleg sesongens siste tur (med ski på beina) på måndag/tysdag morgon.