Bilde 1 av 8 Av:  Vær Opphavsrett:  CatoLeganger@obskorps Kommentar:  Mot sør. Varierande mengde snø og varierande oppbygning. Stadvis ubunden snø rett på lyng og stein.
Bilde 2 av 8 Av:  Snødekke Opphavsrett:  CatoLeganger@obskorps Kommentar:  Det har falle ein del nynsø, men det er framleis grunt, og fort gjort å køyre gjennom og nedpå stein og lyng.
Bilde 3 av 8 Av:  Snødekke Opphavsrett:  CatoLeganger@obskorps Kommentar:  Ved Fjellhaugen skisenter. Mot nord.
Bilde 4 av 8 Av:  Snødekke Opphavsrett:  CatoLeganger@obskorps Kommentar:  Ubunden snø. Trør gjennom 10+ cm ved skis belastning.
Bilde 5 av 8 Av:  Snødekke Opphavsrett:  CatoLeganger@obskorps
Bilde 6 av 8 Av:  Snødekke Opphavsrett:  CatoLeganger@obskorps
Bilde 7 av 8 Av:  Snødekke Opphavsrett:  CatoLeganger@obskorps
Bilde 8 av 8 Av:  Snøprofil Opphavsrett:  CatoLeganger@obskorps
Faretegn
• Stort snøfall • Område: Fylket/varslingsregion. Beskrivelse: Det har falle relativt mykje snø siste 48 timar. Varierande mengde avhengig av kor du er i regionen.
Skredaktivitet
• 4. des. I løpet av dagen (+01:00) • Ingen skredaktivitet • Ingen obs. av skred, korkje små eller store.
Vær
• Ikke nedbør • -7 °C • 0 m/s fra Ø ← • Litt nedbør i går, sundag, men usikker på mengde. Vindstille. Kaldt og klart i dag, måndag.
Snødekke
• 60 cm • Ikke snøfokk • 5 cm • Nysnøgrense på 0 moh. Snøgrense på 0 moh. Grense for lagdelt snø er på 500 moh • Mye tørr løssnø (10-30cm) • Tørr • Greit • Nysnøen som kom i helga har lagt seg over eksisterande snøpakke, som obsevert før helga. Det har, tilsynelatande, vore lite vind, så det ligger ubunden snø; 30+++ cm i alle himmelretningar. Stadvis ligg nysnøen direkte på lyng og stein, medan det andre plasser; primært i høgda og i indre strøk, ligg den over lagdelt snødekke. Lokalt i dag, var det få spor etter kantkorn med potensiale, men eg veit meir om det som problem og utbreiing på onsdag.
Tester
• CTE3@15cm(Q3) • Dårlig • Tørre laussnøskred er aktuelle. Truleg str.1, men i enkelte formasjonar kan det gå større skred; str. 2.
• ECTN5@15cm(Q3) • Dårlig • Som CTE.
• ECTN19@36cm(Q3) • God • Går i brot innad i lag i gamle fokksnøen. Lokalt ingen problem.
Snøprofil
• SV • 15° • 1 test knyttet til snøprofilen • I terrenget: 40-70+ cm. Ingen teikn til kanting med potensiale under fokksnøflaket her, men eg fant det litt meir potent på 1000 moh i Røldal førre fredag. Skal sjekke det igjen på onsdag. • Vedvarende svakt lag: tynt lag, under flak, grunt • 7 temperaturpunkter observert
Skredproblem
• Tørre løssnøskred • Ubunden snø • Lett å løse ut • 1 - Små • Få bratte heng N, NØ, Ø, SØ, S, SV, V, NV over 900 moh • Det har kome ein del nysnø, men det er framleis relativt lite snø/såle. Skredproblemet er mest aktuelt i terreng der nysnøen la seg over gammalt snødekke av skare eller vindtransportert snø. Høgda for dette varierer, men ein må truleg over ca 800-900 moh for at det skal vere aktuelt. I enkelte formasjonar, kanskje få eller svært få, kan ein få str. 2 skred. Lokalt er det ikkje nok formasjonar som har overnevnte lagdeling til at "få heng" er korrekt, men det kan nevnes i tekst at enkelte formasjonar kan ha nok potensiale til at det kan gå str. 2, men utbreiinga anses for å vere liten i ytre del. For regionens sitt under eitt, så kan kanskje "få heng" - lett å løyse ut - str. 2 vere greit, men eg ville ha poengtert at utbreiinga er liten.
Skredfarevurdering
• Det kan vere lett å løyse ut skred i den ferske nysnøen. I enkelte utsatte formasjonar kan skreda verte store nok til å begrave deg.
Ver også obs på at der nysnøen har lagt seg over det gamle fokksnøflaket, med underliggande vedvarande svakt lag, så kan ein løyse ut skred som kan nå størrelse 2, og vil vere tilstrekkeleg store til å begrave deg. Disse kan ha potensiale til å vere svært lette å løyse ut. Utbreiinga er truleg relativt liten, og skredproblemet er litt meir aktuelt i indre del av regionen ifht ytre del.
Ver også obs på at i lågareliggande terreng så har nysnøen stadvis lagt seg direkte på lyng og stein, og det vil vere kort veg ned til å hekte fast ski. Hugs skredutstyr OG hjelm. • Det ligg mykje ubunden snø i terrenget. Frå torsdag av er det meldt vind, noko som potensielt kan auke skredfaren. Utover det er vi inne i ein relativt stabil situasjon værmessig, og det ser ikkje ut til at det vert veldig store endringar dei neste dagane. Ein kan følgje litt med på evt. vidareutvikling av kantkorn rundt fokksnøen.
Eg sjekker status på kantkorn og potensiale i det på onsdag. Med den auka mengden nysnø over eksisterande snødekke, så kan det vere litt obs-obs, då vi har kantkorn i dei fleste himmelretningar, frå ca 900-1000 moh, men mest aktuell sektor er mot sør-sørvest og vest når det gjeld vvsl-problematikken. • 1 Liten • Lokalt/ytre del er det FG1 i dag, men regionen sett under eitt så er nok FG2 aktuelt, spesielt for indre del. Eg går obstur i indre del på onsdag, og kan då vurdere litt betre om vi regionalt sett bør ligge på FG1 eller FG2. Utbreiinga av skredproblema er ikkje veldig stor pga manglande underlag/såle.