Hopp til hovedinnhold

Snøskredvarsel for region Indre Fjordane onsdag 04.04.2018

Faregrad 2 - Moderat snøskredfare

Publisert:
Snøfall, vind- og temperaturauke vil danne nysnøflak i fjellet og gi våte laussnøskred under om lag 600 moh. Det finst vedvarande svake lag i snødekket .

Skredfarevurdering

Onsdag er det venta litt auka skredfare pga. meir nedbør og stigande temperaturar. Snøfall først på dagen blir etterfølgd av temperaturstiging med plussgrader opp mot 600 moh. Det blir relativt rolege vindforhold når nysnøen kjem, men danning av nysnøflak vil likevel kunne skje på vindutsette stader.

Oppbløyting av nysnøen vil sannsynlegvis kunne gje ein del mindre, våte laussnøskred under 600 moh utpå ettermiddagen og kvelden.

Snøfallet vil også gje ei auka pålagring på dei svake kantkornlaga, samtidig som mildvêret kan gje ei forbiåande svekking av dei same laga dersom smeltinga rekk høgt nok opp i fjellet og når djupt nok ned i snøen. Sidan det var mildvêr i dei same høgdenivåa også for vel ei veke sidan, er det ikkje venta stor naturleg utløyst skredaktivitet på desse laga. Men skiløparar kan påverke svake lag der overliggande snødekke er tynt eller mjukt, og tilpassa vegval og avstand til utløpssoner og skavlar er framleis tilrådeleg.

Skredproblemer

Våt snø (løssnøskred)

Du kan lett løse ut skred i noen bratte heng. Skred kan bli store nok til å begrave og ta livet av deg (str 2).

Ubunden snø

Nysnø (flakskred)

Du kan lett løse ut skred i noen bratte heng. Skred kan bli store nok til å begrave og ta livet av deg (str 2).

Nedføyket svakt lag med nysnø

Vedvarende svakt lag (flakskred)

Du kan løse ut skred i noen få bratte heng. Skred kan bli store nok til å begrave en bil eller ødelegge et lite hus (str 3).

Nedsnødd eller nedføyket kantkornet snø

Her beskriver vi oppbygningen i snødekket og varslet vær i fjellet på det tidspunktet varselet ble laget. Om dine observasjoner avviker veldig fra det som er beskrevet her, vil ikke nødvendigvis varselet være gjeldende heller. Gjør alltid egne vurderinger eller hold deg unna skredterreng.

Snødekkehistorikk

Tirsdag 3. april 2018

Eit lite snødryss måndag pregar snøoverflata enkelte stader. Under det som måtte vere av nysnø, finn ein hard smelteomdanna snø under 600 moh. Høgare til fjells varierer snøen frå ca. 10 cm laussnø i skjerma område til fokksnø med varierande fastleik. Kulda i påska har gjort at fokksnø som tidlegare var hard no har vorte noko mjukare. Soloppvarming på dagtid og tilfrysing om natta har ila. påska gitt skare i fleire bratte S- og SV-vendte heng.

1. påskedag vart det på Nordvestlandet gjort fleire observasjonar av overflaterim, særleg i nord- og austvendte heng som ligg i skuggen for sola, og i hovudsak på mjukt underlag. I få tilfelle der rim la seg på hardt underlag, kan dette utgjere eit potensielt svakt lag framover. Lenger nede i snødekket finst det svake lag av kantkorn som førre veke førte til drønn under vekta av skiløpar og glatte brot i stabilitetstestar.

Etter stor skredaktivitet i regionen førre veke, har det generelt vore rapportert om mindre skredaktivitet dei siste dagane.

Tysdag føremiddag var det rolege vindforhold i regionen.

Fjellvær

Tirsdag 3. april 2018

3-6 mm nedbør i døgnet. Bris fra sørøst, endring til frisk bris fra sørøst om kvelden. -13 °C til -4 °C på 1400 moh. Delvis skyet. Tilskying utover dagen.

Onsdag 4. april 2018

15 mm i døgnet, opp mot 25 mm i mest utsatt område. Frisk bris fra sør, endring til bris fra sør om kvelden. -7 °C til 1 °C på 1400 moh. Delvis skyet. Nedbør først på dagen, senere temperaturstigning.

Råd

Varselet er et hjelpemiddel, ikke en fasit. Gjør alltid egne vurderinger. Vil du være helt skredtrygg, unngå alt skredterreng.
Forklaring til snøskredvarselet Abonner på varsler

Relevant innhold

Nyttige lenker

EAWS logo
NVE er medlem av EAWS