Faretegn
• Ingen faretegn observert
Skredaktivitet
• 12. apr. I løpet av dagen • Ingen skredaktivitet • Ingen naturleg utløyst skredaktivitet observert i Grasdalen siste døgn
Snødekke
• Ikke snøfokk • 0 cm • Våt løssnø • Fuktig • Greit • Slushføre i hellingar mot sør og søraust. Tek litt lenger tid før skara tiner opp på flatane. Skare i nordlege hellingar. Stadvis bærande, men nokre stadar går skia litt gjennom. Ikkje laussnø tilgjengeleg for transport anna enn litt over om lag 1400 moh, men ser begrensa ut her også med tanke på lite snøfokk
Vær
• Ikke nedbør • 3 °C • 10 m/s fra SØ ↖ • 20% skyer • Tidvis kraftig vind, men ikkje snøfokk anna enn litt i høgda over 1400 moh
Snøprofil
• SØ • Vedvarende svakt lag: tynt lag, under flak
Skredproblem
• Våte løssnøskred • Ubunden snø • Lett å løse ut • 2 - Middels • Få bratte heng Ø, SØ, S under 1000 moh • Her verker det å vere for kaldt i snødekket til at dette er eit skredproblem anna enn der sola har teke tak
• Tørre flakskred • Kantkornet snø under skarelag • Laget der bruddet skjer er tynt < 3 cm. Stor, tydelig gjenkjennbar krystall i det svake laget. • Svært vanskelig å løse ut • 2 - Middels • Få bratte heng N, NØ, Ø, SØ, NV over 700 moh • Sett spor etter laget i andre hellingar enn nordlege, men det er truleg mest utbredt der
Skredfarevurdering
• Snøpakka har satt seg godt. Overflata er hard med unnatak av der sola har påverka. Det er ikkje snøfokk i Grasdalen sjølv om det er kraftig vind i dag. det er ikkje spor etter snøfokk eller fersk vindtransport anna enn i høgda over 1400 moh. Sjølv på toppane synlege frå området på rundt 1600-1700 moh er det berre sporadisk lett snøfokk. I snøprofil vart det observert kantkorna snø under restane av eit gamalt skarelag. det var også mogleg å kjenne dette laget med søkestanga. snøpakka er veldig hard og laget tynt. Fekk losna søyla på dette laget med LBT, men ikkje utslag på andre testar. Snøpakka verker stabil, og det er vanskeleg å påverke dette laget. Skredkontroll i Grasdalen løyste ut brotkant truleg på dette eller liknande lag, men det vart lite utav skredet. Skredkontroll på Napefonn løyste ut skavl, og førte til påkjenning på snødekket, men det vart ikkje meir utav det heller. Ikkje fersk naturleg skredaktivitet, og problemet med våt snø verker førebels å vere begrensa til sørlege hellingar. • Sjølv med kraftig vind i natt og i morgon vil situasjonen truleg vere ganske lik grunna lite laus snø i terrenget • 2 Moderat • Inntrykket lokalt med observasjon og skredkontrollar er FG1, men grunna usikkerheit med fortsatt lagdelt snø i høgda er det no rett med FG2 regionalt