Faretegn
• Fersk vindtransportert snø • Område: Fylket/varslingsregion. Beskrivelse: Målte 20m/s i dei kraftigaste vindkasta. Lite snø tilgjengeleg for transport. Så sjølv om det var kraftig vind var det kun moderat snøtransport.
Skredaktivitet
• 18. feb. I løpet av dagen (+01:00) • Ingen skredaktivitet • Har sett fleire str 1 og str 2, våte flakskred frå forrige mildværsperiode. Men ingen skred frå siste 24 timar.
Snødekke
• 120 cm • Moderat snøfokk • Snøgrense på 50 moh. Grense for lagdelt snø er på 500 moh • Skare • Fuktig • Opp til ca 800moh er snøoverflata våt. Frå 800moh og opp til 1300moh (så høgt som eg gjekk i dag) er snøoverflata stort sett av skare. Nokre stader frå ca 1000moh og oppover, der det var innblåst fokksnø, er snøoverflata over skaren fuktig til våt 4F fast fokksnø. Denne fokksnøen verkar å festa seg raskt til skaren pga milde temperaturar, sjølv om skaren polert av vinden. Eg vil anta at høgre til fjels (over 1300moh) der det er kaldare, treng den ferske fokksnøen lenger tid til å stabelisera seg.
Ved ca 1050moh var snøen fuktig ned til bakken (1,5m tjukk snø), og dei gamle skarelaga var mjuke.
Ved ca 1280moh var snøen tørr under 15cm med smelteformer og smelt-fryse skare. Fann rim under 1F fast fokksnø på 1280moh, sjå profil.
Vær
• Hagl • -0,7 °C • 14 m/s fra SV ↗ • 100% skyer • Nokre haglbyger i fjellet i dag. Nede ved parkeringen på ca. 420moh kjem det som regn. Minus 0.7 grader ved 1280moh. Målte over 20m/s i dei kraftigaste vindkasta.
Skredproblem
• Tørre flakskred • Nedsnødd eller nedføyket overflaterim • Innen en halv meter • Vanskelig å løse ut • Mulig • 2 - Middels • Noen bratte heng N, NØ, Ø, SØ over 1200 moh • Litt usikker på kor stor utbredelse dette problemet har. Der eg fann det låg det under 15cm med skare og smelteformer frå forrige mildvær og 25cm med 1F fast finkorna snø.
• Tørre flakskred • Dårlig binding mellom glatt skare og overliggende snø • Innen en halv meter • Lett å løse ut • Mulig • 2 - Middels • Noen bratte heng N, NØ, SØ over 1000 moh • Det mest aktuelle problemet
Skredfarevurdering
• Obstur i Leirdalen frå 420moh opp til ca 1300moh ved Nonskar. Eg tenker at no er det største problemet fersk vindtransportert snø over skare. Sjølv om det er milde temperaturar og stabeliseringen går raskt, vert det transportert så mykje snø i fjellet no, at eg vil annta at akkurat no mens vinden står på kan ein lett løysa ut flak over skaren. Det hadde ikkje samla seg tjukke flak der eg var på tur i dag, men der det er større henteområder med tørr snø tenker eg at det kan bygga seg tjukke nok flak til at det vert eit problem. Spesielt i skjerma formasjonar. Eg fann også rim under skare og finkorna snø. Litt usikker på utbredelsen av dette problemet og om det også er der dei overliggande laga er tynnare. Men eg tok det også med som eit problem. Har ikkje sett noko kantkorn på dagens tur, har ikkje oversikt nok til å seie så mykje om dette problemet. • Skredfaren vil auka utover dagen, når det kjem meir nedbør og det fortsatt er vind. • 2 Moderat • Varslet faregrad er riktig