Hopp til hovedinnhold

Snøskredvarsel for region Indre Sogn lørdag 02.03.2019

Faregrad 1 - Liten snøskredfare

Publisert:
Kaldt vêr gir fortsatt stabilisering av tidlegare vått snødekke. Vedvarande svake lag finst i snøen over 1400 moh, men desse er vanskeleg å påverke.

Skredfarevurdering

Kaldt vêr etter mildvêret i forrige veke gir stort sett stabile forhold. Eit lite snødryss frå laurdag ettermiddag vil ha lite å seie for skredfaren. Vedvarande svake lag finst i snødekket over 1400 moh, men desse ligg for det meste under berande fokksnø eller skare og er difor vanskeleg å påverke. Snømengder og vind er avgjerande, så følg med på oppdaterte prognoser laurdag ettermiddag.

Skredproblemer

Vedvarende svakt lag (flakskred)

Du kan løse ut skred i noen få bratte heng. Skred kan bli store nok til å begrave og ta livet av deg (str 2).

Kantkornet snø under skarelag

Her beskriver vi oppbygningen i snødekket og varslet vær i fjellet på det tidspunktet varselet ble laget. Om dine observasjoner avviker veldig fra det som er beskrevet her, vil ikke nødvendigvis varselet være gjeldende heller. Gjør alltid egne vurderinger eller hold deg unna skredterreng.

Snødekkehistorikk

Fredag 1. mars 2019

Snødekket er prega av tilfrysing ned til låglandet etter tidlegare mildvêr og varmegrader heilt opp til fjelltopphøgde i førre veke. Snødoverflata består dermed av hard og berande skare. Der sola får tak, er det noko mjukare. I beskytta søkk finst det små lommer av fokksnø frå tidlegare i veka.

Smelteomdanning og påfølgjande tilfrysing har gjort at snødekket er forholdsvis homogent med fråvær av svake lag. Det finst noko lagdeling over om lag 1000 moh, men først over 1400 moh er det særleg utbreidd med vedvarande svake lag av kantkorn. Slike lag ligg for det meste under berande skare og fokksnø, og dei er difor vanskeleg å påverke.

Frå Sogndalsdalen er det meldt om skredaktivitet i starten av veka frå om lag 1400 moh. Skreda gjekk truleg i fokksnøen.

Torsdag vart det meldt om få fareteikn og generelt stabile forhold både i Sogndalsdalen, Jostedalen og på Filefjell. Fredag morgon var det lettskya pent vêr og rolege vindforhold i regionen. På Flatbreen (995 moh) i Fjærland var det -6 ºC.

Fjellvær

Fredag 1. mars 2019

Oppholdsvær. Bris fra vest. -11 °C til -5 °C på 1400 moh. Delvis skyet.

Lørdag 2. mars 2019

2-4 mm nedbør i døgnet. Frisk bris fra sørvest, endring til bris fra sørøst om ettermiddagen. -11 °C til -4 °C på 1400 moh. Skyet.

Råd

Varselet er et hjelpemiddel, ikke en fasit. Gjør alltid egne vurderinger. Vil du være helt skredtrygg, unngå alt skredterreng.
Forklaring til snøskredvarselet Abonner på varsler

Relevant innhold

Nyttige lenker

EAWS logo
NVE er medlem av EAWS