Bilde 1 av 7 Av:  Vær Opphavsrett:  Ingrid@NVE
Bilde 2 av 7 Av:  Vær Opphavsrett:  Ingrid@NVE
Bilde 3 av 7 Av:  Vær Opphavsrett:  Ingrid@NVE
Bilde 4 av 7 Av:  Snødekke Opphavsrett:  Ingrid@NVE
Bilde 5 av 7 Av:  Snødekke Opphavsrett:  Ingrid@NVE
Bilde 6 av 7 Av:  Snødekke Opphavsrett:  Ingrid@NVE Kommentar:  Rim på dalbotnen og elles tynt snødekke.
Bilde 7 av 7 Av:  Snødekke Opphavsrett:  Ingrid@NVE Kommentar:  Ute av tamokdalen er det barmark.
Faretegn
• Ingen faretegn observert
Vær
• Ikke nedbør • -4 °C • 0 m/s • 50% skyer • Det har lenge vore kaldt og klart, men litt meir skyer i dag. Sola er generelt under horisonten, men i korte perioder kjem den fram på dei høgaste toppane. Det var inversjon, kaldast i dalbotnen, men stigande temperaturar utover dagen.
Snødekke
• Ikke snøfokk • 0 cm • Snøgrense på 200 moh • Det er generelt lite snø i område, og dei fleste stadar må ein bære ski, men i tamokdalen er det snø til dalbotnen. Det er rim overalt, men krystallane er størst på balbotnen sidan det har vore inversjon over lenger tid.
På dette fjellet er der eit tynt hardt snødekke med rimkrystallar. Stein og busker stikk opp, og islagte bekkar er synlege. Frå ca. 600 moh blir der gradvis meir laussnø opp på skara, og den lause snøen består av kantkorn med rim på toppen (opptil 10 cm).
I dybden har skara stadvis gått i oppløysing og det er vekselvise lag av skare og kantkorn.
Det er ikkje eit tjukt snødekke, men fint skiføre.
Skredfarevurdering
• Det er generelt lita skredfare då det er lite snø som er gunstig oppbygd. • Men, det er både rim og kantkorn på hardt underlag frå botn til topp, så om det kjem snø rett opp på dette kan det bli skummelt. Vær og utvikling vil difor bli viktig. Det er uendra vær i langtidsvarselet framover.