Hopp til hovedinnhold

Snøskredvarsel for region Lyngen tirsdag 12.12.2023

Faregrad 2 - Moderat snøskredfare

Publisert:
Skred kan løysast ut i fokksnø og på vedvarande svake lag enkelte stadar.

Skredfarevurdering

Sist veke vart det danna fokksnøflak når det var sterk vind, og det er framleis mogleg å løyse ut skred i desse. Dette er fordi kaldt vêr har gjort at stabiliseringa går seint, men særleg for at flaka stadvis ligg over vedvarande svake lag av kantkorn og/eller rim. Vedvarande svake lag gjer at skred er lettare å løyse ut, også frå avstand. Storleik på eventuelle skred er avhengig av kor mykje snø som har samla seg i det aktuelle henget, dei fleste stadar er dei relativt små. Små skred kan likevel ha alvorlege konsekvensar, særleg i terrengfeller og når det er så mykje oppstikkande stein som no.

Det er også vedvarande svake lag djupare i snødekket. Mange stadar verkar det vanskeleg å påverke desse, medan det andre stadar verker lett. Gjer difor nøye lokale vurderingar om du skal ferdast i skredterreng.

Skredproblemer

Vedvarende svakt lag (flakskred)

Du kan lett løse ut skred i noen få bratte heng. Skred kan bli store nok til å begrave og ta livet av deg (str 2). Fjernutløsing er mulig.

Nedsnødd eller nedføyket kantkornet snø

Her beskriver vi oppbygningen i snødekket og varslet vær i fjellet på det tidspunktet varselet ble laget. Om dine observasjoner avviker veldig fra det som er beskrevet her, vil ikke nødvendigvis varselet være gjeldende heller. Gjør alltid egne vurderinger eller hold deg unna skredterreng.

Snødekkehistorikk

Mandag 11. desember 2023

Snødekket er i stor grad prega av kulde og vind. Det er eit relativt tynt, men bærande snødekke, der det har danna seg kantkorn. Mange stadar finnast dette i store delar av snøpakken, andre stadar finnast det i lag, som t.d. rundt eit skarelag. Det er også rim innad i snøen.

Vind har dei siste dagane ført til snøtransport, og det har blitt danna fokksnøflak i overflata av varierande hardheit. Mange stadar har desse avgrensa storleik, men i enkelte heng kan dei vere større.

Flaka kan vere ustabile i seg sjølv, men også ustabile for dei ligg over dei vedvarande svake laga av kantkorn og rim. Dei siste dagane har skred blitt fjernutløyste og det har vore fareteikn som skytande sprekker og drønn i snøen. Det verkar å vere mest aktivt i den vestlege halvdelen av regionen, som fekk snø i førre veke.

Fjellvær

Mandag 11. desember 2023

0 mm i døgnet, opp mot 5 mm i mest utsatt område. Nedbør som snø. Bris fra vest. -20 °C til -6 °C på 1100 moh. Delvis skyet.

Tirsdag 12. desember 2023

Oppholdsvær. Bris fra sørvest. -22 °C til -9 °C på 1100 moh. Delvis skyet.

Råd

Varselet er et hjelpemiddel, ikke en fasit. Gjør alltid egne vurderinger. Vil du være helt skredtrygg, unngå alt skredterreng.
Forklaring til snøskredvarselet Abonner på varsler

Relevant innhold

Nyttige lenker

EAWS logo
NVE er medlem av EAWS