Hopp til hovedinnhold

Snøskredvarsel for region Lyngen tirsdag 27.02.2024

Faregrad 2 - Moderat snøskredfare

Publisert:
Skred kan løysast ut på vedvarande svake lag og i fersk fokksnø. Om vedvarande svake lag påverkast kan skred bli store.

Skredfarevurdering

Skred kan løysast ut både på vedvarande svake lag og i fersk fokksnø.

Vedvarande svake lag kan enkelte stadar påverkast og det er også mogleg å løyse ut flakskred frå avstand. Det skal truleg litt meir til for å påverke laga no enn i førre veke sidan det er hardare snø over, men om ein gjer det kan eventuelle skred bli store. Det verker lettast å påverke laga vest i regionen.

Det er også mogleg å løyse ut skred i fersk fokksnø danna i og etter bygevêr måndag. Fokksnøen vil stabilisere seg relativt raskt sidan det er gunstige temperaturar, men nokre stadar vil det framleis vere mogleg å løyse ut skred. Lettast vil det vere på dei høgaste fjelltoppane og der det kjem mest snø mandag.

Skredproblemer

Vedvarende svakt lag (flakskred)

Du kan løse ut skred i noen få bratte heng. Skred kan bli store nok til å begrave en bil eller ødelegge et lite hus (str 3).

Kantkornet snø under skarelag

Fokksnø (flakskred)

Du kan løse ut skred i noen bratte heng. Skred kan bli store nok til å begrave og ta livet av deg (str 2).

Nedføyket svakt lag med nysnø

Her beskriver vi oppbygningen i snødekket og varslet vær i fjellet på det tidspunktet varselet ble laget. Om dine observasjoner avviker veldig fra det som er beskrevet her, vil ikke nødvendigvis varselet være gjeldende heller. Gjør alltid egne vurderinger eller hold deg unna skredterreng.

Snødekkehistorikk

Mandag 26. februar 2024

Dei siste dagane har det vore relativt mildt for årstida med plussgrader opptil 500 moh, tidvis mykje vind og også noko nedbør frå måndag. Snøoverflata er difor varierande og vekslar mellom våt og fuktig snø, skare, og vindpåverka snø av ulik hardheit.

Djupare i snødekke finnast det ulike vedvarande svake lag av kantkornlag, men plasseringa i snøpakken varierer. Nokre kantkornlag er rundt skarelag danna etter kortvarige mildvêr i slutten av januar. Andre finnast i tjukkare lag eller ned mot bakken. Det vekslar også kor lett det er å påverke laga. Lettast verker det å vere vest i regionen, medan det verker vanskelegare på Lyngenhalvøya. Drønn er observert fleire stadar.

Dei siste dagane har det gått nokre skred, både naturlege og personutløyste, men desse verkar å ha gått i fersk fokksnø og i våt snø.

Fjellvær

Mandag 26. februar 2024

5 mm i døgnet, opp mot 10 mm i mest utsatt område. Nedbør som regn opp til 200 moh om ettermiddagen. Liten kuling fra sørvest, endring til bris fra vest om kvelden. -12 °C til -2 °C på 1100 moh. Skyet.

Tirsdag 27. februar 2024

Oppholdsvær. Liten kuling fra sørvest, endring til frisk bris fra sør om kvelden. -9 °C til -1 °C på 1100 moh. Skyet.

Råd

Varselet er et hjelpemiddel, ikke en fasit. Gjør alltid egne vurderinger. Vil du være helt skredtrygg, unngå alt skredterreng.
Forklaring til snøskredvarselet Abonner på varsler

Relevant innhold

Nyttige lenker

EAWS logo
NVE er medlem av EAWS