Hopp til hovedinnhold

Snøskredvarsel for region Lyngen søndag 14.04.2024

Faregrad 3 - Betydelig snøskredfare

Publisert:
Det er ein samansett situasjon der det kan gå både våte skred, og skred kan gå på vedvarande svake lag og i fokksnø.

Skredfarevurdering

Oppdatert varsel kl 09:30: Det er ein kompleks situasjon med fleire skredproblem.

Store skred kan gå på vedvarande svake lag som finst relativt høgt i snødekket. Skred kan gå av seg sjølv når sola står på, men det kan også vere mogleg å løyse ut ved ferdsel. Det er observert flest skred i bratt terreng frå dei høgaste fjelltoppane.

Utover dagen kan det også danne seg ustabile fokksnøflak som er lette å løyse ut skred i når vinden aukar.

Det kan også gå våte skred, og sannsynet er størst i bratt terreng der det ikkje har vore nattefrost og der sola står på. Utover dagen minkar sannsynet sidan det skal bli mindre sol og kaldare.

Skredproblemer

Vedvarende svakt lag (flakskred)

Skred kan løsne av seg selv i noen få bratte heng. Skred kan bli store nok til å begrave en bil eller ødelegge et lite hus (str 3). Fjernutløsing er mulig.

Nedsnødd eller nedføyket kantkornet snø

Våt snø (flakskred)

Skred kan løsne av seg selv i noen få bratte heng. Skred kan bli store nok til å begrave og ta livet av deg (str 2).

Opphopning av vann i/over lag i snødekket

Fokksnø (flakskred)

Du kan lett løse ut skred i noen bratte heng. Skredene blir stort sett små, men kan rive deg med (str 1). Kan være farlig nær terrengfeller.

Nedføyket svakt lag med nysnø

Her beskriver vi oppbygningen i snødekket og varslet vær i fjellet på det tidspunktet varselet ble laget. Om dine observasjoner avviker veldig fra det som er beskrevet her, vil ikke nødvendigvis varselet være gjeldende heller. Gjør alltid egne vurderinger eller hold deg unna skredterreng.

Snødekkehistorikk

Søndag 14. april 2024

Milde temperaturar har denne veka gjort snøoverflata fuktig eller våt opp til ca. 900 moh og høgare i solvendt terreng. Under ca. 400 moh er snøen grovkorna og smelteomvandla, medan det høgare kan vere meir finkornig snø. I delar av regionen har det vore klart natt til søndag og kaldare utover dagen gjer at fuktig snø kan fryse på der sola ikkje tek. Over 900 moh der sola ikkje har tatt er det framleis tørr snø som er vindpåverka i ulik grad.

Det er fleire vedvarande svake lag i snødekket. Laget som er lettast å påverke ligg høgt i snødekket og vart danna under finværsperioda i påska, og dette har gitt fleire fareteikn som drønn og skred dei siste dagane. Vedvarande svake lag som ligg djupare i snødekket ligg generelt låst under hard skare og er ikkje eit skredproblem no.

Denne veka har det gått mange skred i regionen, både våte skred i mildvêr og sol, samt tørre flakskred i fokksnø frå torsdag, som stadvis ligg på vedvarande svake lag.

Fjellvær

Lørdag 13. april 2024

4-7 mm nedbør i døgnet. Nedbør som regn opp til 900 moh om ettermiddagen. Frisk bris fra sørvest. -3 °C til 3 °C på 1100 moh. Skyet.

Søndag 14. april 2024

2-5 mm nedbør i døgnet. Nedbør som regn opp til 600 moh natt til søndag. Frisk bris fra sørvest, endring til frisk bris fra vest om ettermiddagen. -5 °C til 2 °C på 1100 moh. Skyet. Nullgradersgrensen faller utover dagen.

Råd

Varselet er et hjelpemiddel, ikke en fasit. Gjør alltid egne vurderinger. Vil du være helt skredtrygg, unngå alt skredterreng.
Forklaring til snøskredvarselet Abonner på varsler

Relevant innhold

Nyttige lenker

EAWS logo
NVE er medlem av EAWS