Snøskredvarsel for region Nord-Troms torsdag 05.05.2022

Faregrad 3 - Betydelig snøskredfare

Publisert:

Fleire skredproblem gir ustabile tilhøve. Det kan gå skred i våt snø, fokksnø og på vedvarande svake lag.

Skredfarevurdering

OPPDATERT KL. 10: Først på dagen er det lokalt sterk vind med stor snøtransport og difor kan det gå naturleg utløyste flakskred. I tillegg kan det gå våte skred i nysnøen der sola tek. Når ein front kjem inn med mildare vêr og fortsatt sterk vind på kvelden kan det gå våte skred under mildvêrsgrensa, og fokksnøflak som er lette å løyse ut eller gå naturleg over mildvêrsgrensa. Enkelte stadar kan vedvarande svake lag vere godt nok utvikla til å gi skred. Om desse blir påverka av personar eller vêr kan skred bli større enn om slike lag var fråverande.

Skredproblem

Fokksnø (flakskred)

Skred kan løsne av seg selv i noen få bratte heng. Skred kan bli store nok til å begrave en bil eller ødelegge et lite hus (str 3).

Våt snø (løssnøskred)

Skred kan løsne av seg selv i noen få bratte heng. Skred kan bli store nok til å begrave og ta livet av deg (str 2).

Råd

Varselet er et hjelpemiddel, ikke en fasit. Gjør alltid egne vurderinger. Vil du være helt skredtrygg, unngå alt skredterreng.

Snødekkehistorikk

Den siste tida har det kome mykje nysnø og det har vore ein del vind. Snøoverflata vekslar difor mellom vindpåverka snø av ulik hardheit og ubunden snø. Utover dagen kan denne bli påverka av mildvêr og sol.

I overgangen mellom gamal fuktig snø og nyare tørr snø har det danna seg eit skarelag. Høg temperaturgradient gjer at det lokalt har danna seg kantkorn rundt dette. Likevel verkar det som at dei fleste stadar er korna små eller ikkje utvikla god nok til å utgjere eit skredproblem.

Fjellvær, 04.05.2022

6 mm i døgnet, opp mot 12 mm i mest utsatt område. Nedbør som snø. Frisk bris fra nordvest, endring til bris fra vest om kvelden. -10 °C til -6 °C på 1100 moh. Delvis skyet. Av og til liten kuling først på dagen.

Fjellvær, 05.05.2022

1-4 mm nedbør i døgnet. Nedbør som regn opp til 700 moh om kvelden. Bris fra sør, endring til frisk bris fra sør om formiddagen. -14 °C til -2 °C på 1100 moh. Skyet. Av og til S liten kuling i utsatte områder, lokalt stiv kuling.

Forklaring til snøskredvarselet Skriv ut varselet Abonner på varsler

Relevant innhold

Nyttige lenker

EAWS logo
NVE er medlem av EAWS