Hopp til hovedinnhold

Snøskredvarsel for region Nord-Troms fredag 01.03.2024

Faregrad 2 - Moderat snøskredfare

Publisert:
Unngå heilt ferske fokksnøflak og vurder om det er mogleg å påverke vedvarande svake lag djupare i snødekke.

Skredfarevurdering

Unngå heilt ferske fokksnøflak og vurder om det er mogleg å påverke vedvarande svake lag djupare i snødekke der du ferdast.

Det skal framleis vere sterk vind, og litt snø kan blåse inn i leheng og gi ustabile fokksnøflak. Etter fleire dagar med sterk vind er det berre små mengder snø som kan flyttast og gunstige temperaturer gjer at fokksnøflak stabiliserer seg raskt.

Det er vedvarande svake lag djupare i snødekke. Mange plasser er dei nok vanskeleg å påverka grunna hard overliggande snø, men det har vore fareteikn som drønn på desse heile veka som viser at dei framleis kan påverkast nokre stadar. Det er særleg i skogen drønna har blitt observert. Om du løyser ut skred på desse laga kan dei bli store.

Skredproblemer

Vedvarende svakt lag (flakskred)

Du kan lett løse ut skred i noen få bratte heng. Skred kan bli store nok til å begrave en bil eller ødelegge et lite hus (str 3). Fjernutløsing er mulig.

Kantkornet snø under skarelag

Fokksnø (flakskred)

Du kan løse ut skred i noen få bratte heng. Skred kan bli store nok til å begrave og ta livet av deg (str 2).

Nedføyket svakt lag med nysnø

Her beskriver vi oppbygningen i snødekket og varslet vær i fjellet på det tidspunktet varselet ble laget. Om dine observasjoner avviker veldig fra det som er beskrevet her, vil ikke nødvendigvis varselet være gjeldende heller. Gjør alltid egne vurderinger eller hold deg unna skredterreng.

Snødekkehistorikk

Torsdag 29. februar 2024

Den siste perioda har det vore mildt for årstida, mykje vind og på måndag også bygevêr i nordlege delar av regionen. Det er difor store variasjonar i snøoverflata. Under mildvêrsgrensa, som gjekk opptil 500 moh i helga, har snøen blitt fuktig og stadvis fryst på ettersom det har blitt kaldare og klarare. Elles er det vindpåverka snø av varierande hardheit. På vindutsette ryggar er det avblåst.

Djupare i snødekke er det fleire skarelag etter kortvarige mildvêr i slutten av januar. Rundt desse har det danna seg vedvarande svake lag av kantkorn. Det er også kantkorn mot bakken der snødekket har vore tynt. Dei siste dagane er det rapportert inn fareteikn som drønn og skytande sprekker på desse laga i lavtliggande områder i store delar av regionen.

Fjellvær

Torsdag 29. februar 2024

1-3 mm nedbør i døgnet. Nedbør som snø. Liten kuling fra sør, endring til stiv kuling fra sør om ettermiddagen. -9 °C til -4 °C på 1100 moh. Skyet.

Fredag 1. mars 2024

Oppholdsvær. Liten kuling fra sørøst, endring til frisk bris fra sørøst om kvelden. -8 °C til 0 °C på 1100 moh. Delvis skyet.

Råd

Varselet er et hjelpemiddel, ikke en fasit. Gjør alltid egne vurderinger. Vil du være helt skredtrygg, unngå alt skredterreng.
Forklaring til snøskredvarselet Abonner på varsler

Relevant innhold

Nyttige lenker

EAWS logo
NVE er medlem av EAWS