Faretegn
• Ingen faretegn observert • Litt overflaterim - men det er små krystaller på mjuk (knyttneve laus) snø. Så rim utgjer ingen fareteikn i dette området
Skredaktivitet
• 7. mar. I løpet av dagen (+01:00) • Ingen skredaktivitet
Skredproblem
• Tørre flakskred • Kantkornet snø over skarelag • Innen en halv meter • Det overliggende laget er mykt. • Lett å løse ut • Mulig • 2 - Middels • Få bratte heng N, NØ, Ø, SØ, S, SV, V, NV over 600 moh • Det er eit samansett og variert snødekke i regionen. Snødekket er prega av langvarig kulde og utstråling, kombinert med periodevis vind frå forskjellige retningar. Dette gir grunn til å tru at det finnes fastare fokksnø over svake lag av kantkorn som kan løysast ut ved liten tillegslast. Men med avgrensa storleik og berre i nokre få bratte heng. Det er mykje laust bundet snø 10-30cm som er disponibelt for vindtransport - og som fort kan danne fokksnølag over svake lag av kantkorn.
Skredfarevurdering
• Snødekket i regionen er prega av kaldt og klart vêr. Utstråling og temperaturgradient i snødekket gir omdanning av snøen, men snødekket er tørt så omdanninga går seinare enn ein skulle tru. Det er kantkorn -spesielt under fokksnø, og til og med under sintra gamle skispor. Kantkorna er små - og finnast mange stader i snødekket.
Snødekket er også ulikt bygt opp i ulike himmelretningar. Det har vore sterk vind frå sør og i enkelte nordlige heng/leområder er det eit tjukt knallhardt lag av finkorna snø ispedd små kantkorn. I austlig sektor er dette tjukke finkorna harde laget vanskelig å finne. Og her er det kort avstand ned til harde tjukke grovkorna lag frå tidlegare mildvær i vinter.
I bratte heng mot sør og vest har det vore så sterk solinnstråling at det er ei tynn solskare på eit par cm med kantkorn under. Der den lause snøen ikkje er blåst vekk er denne omdanna frå nysnø til små kantkorn/nedbrutte snøkrystaller • Slik snødekket er i dag så er det bygt opp med fast såle av anten hard finkorna fokksnø eller tjukk skare/is. Oppå denne sålen er det omdanna snø med små kantkorn. Desse utgjer liten fare for øyeblikket då forholda er slik at det ikkje er bundet nysnø- eller fokksnølag oppå. Kantkornlaget er knyttnevelaust og der det ikkje er blåst vekk 10-30cm tjukt. Det er mykje laust ubundet snø disponibel for vindtransport. Og snøtransport pga vind vil fort kunne auke faregraden med både skredstørrelse og utbredelse. Nysnøflak vil også kunne auke skredfaregraden då det grunn til å tru at nysnøflaka ikkje vil binde seg til det lause kantkornlaget. • 2 Moderat • Varslet faregrad er riktig • Slik situasjonen er no så føler eg at skredproblemet nedføyket laus nysnø ikkje gir eit rett bilde av forholda. Det er ikkje lenger nysnø - om omdanna snøkrystaller mot små kantkorn