Faretegn
• Ingen faretegn observert
Skredaktivitet
• 31. mar. I løpet av dagen • Ingen skredaktivitet
Snødekke
• Mykje ruflesnø og kuldeomvandla snø. Flott skiføre! Variert snøoverflate likevel. Enkelte små 1f\P harde flak på mest vindutsette stader. Men ingen spenning i snødekket. Sola tek godt no, og i bratt sør, særleg på tynt snødekke, er snøen i ferd med å verte grovkorna. Stort sett bærande underlag om du ikkje er veldig seint ute i bratt sør og kanskje vest.
Vær
• Pent rolig vær. Kald trekk frå nord.
Snøprofil
• Ø • 15° • 6 Lagdeling • 6 temperaturpunkter observert
Skredproblem
• Tørre flakskred • Nedsnødd eller nedføyket kantkornet snø • Laget der bruddet skjer er tynt < 3 cm. Det overliggende laget er mykt. • Lett å løse ut • 2 - Middels • Få bratte heng N, NØ, Ø, SØ, S, SV, V, NV over 800 moh • Vanskelig å finne flaka, og eg trur dei fleste vil vere små isofall, og begrensa egenskap til å propagere. Men eg har tatt feil før. Og der du finn flak kan dei fort vere svært lette å løyse og verte større enn ein skulle tru. Så hald deg unna flak og terrengfeller!
• Våte løssnøskred • Ubunden snø • Naturlig utløst • 1 - Små • Mange bratte heng SØ, S, SV, V over 700 moh • Solutløyste skred om du er seint ute på feil plass.
Skredfarevurdering
• Komplekst snødekke men relativt enkelt å vurdere likevel.
Flaka danna av nysnøen natt til mandag har stort sett resirkulert seg og vorte lause att.
Skiløparar treng å unngå flak i overflata, skytande sprekker er eit fareteikn. Unngå også terrengfeller, då skreda kan bli større enn du trur.
Unngå å ferdast nært eller i bratte solsider seint på dag. Då det kan løsne naturleg, gjerne oppvarma snø frå hammarar nært renner.
Det eldre vedvarande svake laget av kantkorn (danna rundt 1.mars) ligg stort sett djupt under bærande snødekke, og vert sannsynligvis mindre og mindre potent. Men eg vel å gå med avstand i heng over 30 grader. Dette skredproblemet er no eit "passivt" vedvarande svakt lag, men kan plutselig lage store skred i ei bratt side ein ekstra varm dag. Særleg der snødekket er tynt. Mest aktuelt mellom 1000 og 1300 trur eg. • Samme situasjon vedvarer til været endrar seg av betydning. Men eg vil tru skredfaren synk litt for kvar dag. • 2 Moderat • Varslet faregrad er riktig • Bra jobba.