Faretegn
• Fersk vindtransportert snø • Avtakande no, men fortsatt litt vindtransport i høgda
• Rimkrystaller • Nedføyka rim i lune formasjonar mot V,NV, N og NØ. Spesielt utsatt i skoggrensa
Skredaktivitet
• 28. jan. I løpet av dagen (+01:00) • Ingen skredaktivitet • Har ikkje sett noko idag, men har hørt om fleire i helga
Vær
• Ikke nedbør • -10 °C • 6 m/s fra S ↑ • 90% skyer • Frisk bris i høgda
Snødekke
• 100 cm • Lett snøfokk • 0 cm • Nysnøgrense på 0 moh. Snøgrense på 0 moh. Grense for lagdelt snø er på 0 moh • Vindpakket myk • Tørr • Variert snødekke no etter vinden i helga. Det er mulig å finne laus mjuk snø i skogen og i sørvendte heng. Ellers har det meste fått vindsnerk eller det er tjukke harde fokksnøflak
Tester
• ECTP5@10cm(Q2) • Middels • Flaket må frigjerast før det bryt, så skiløpar skal treffe på riktig stad, tynt snødekke, for å løyse ut. Flaksnøen er hard og bærande.
Snøprofil
• 1 test knyttet til snøprofilen • Kraftig tempforskjell i profilen, og det har skjedd mykje kantkornutvikling i det siste • Vedvarende svakt lag: under flak, grunt • 6 temperaturpunkter observert
Skredproblem
• Tørre flakskred • Nedsnødd eller nedføyket overflaterim • Innen en halv meter • Lett å løse ut • 2 - Middels • Noen bratte heng N, NØ, V, NV over 700 moh • Det er nedføyka rim i lune formasjonar spesielt rundt skoggrensa der flaka er mjuke nok til å bli påvirka av skiløpar. Høgare opp og meir vindutsatt er flaka hardare og det er ikkje så lett å påvirke for skiløpar. Laget bryt lett ved stabilitetstest, men laget er ikkje glatt. Rimet ligg på laus snø der eg har vore
Skredfarevurdering
• Kraftig vind i helga har flytta snø inn i leområder mot nordleg sektor. Fleire stader har fokksnøen lagt seg på rim utvikla i tida før helga. I skogen og enkelte lune områder over skog er det fortsatt mjuk eller laus snø, men hovudinntrykket over skog er i hovedsak vindherja, og fokksnøen har vorte hard. Det er størst sjansen for å støte på rimproblemet i skoggrensa eller lune områder der fokksnøen har fått lagt seg rolig ned på rimet. Dei plassane eg undersøkte ligg rimet på mjuk laus snø, så bruddet blir ikkje glatt. Men drønn som oppstår er også kollaps i laussnøen, og ikkje berre rim. Evt skred vil kunne oppføre seg ulikt avhengig om det ligg på mjuk el hard overflate. Det er ein kompleks situasjon. Fokksnøen er vorte hard og bærande, så det skal ein del til for å påvirke lag under, men godt mulig der fokksnøflaka er tynne. Kantkornutviklinga er stor, det har skjedd mykje dei siste dagane. Som profil viser så er det kantkorn også overflatenært. Ved stor ny pålagring vil kantkorn bli eit problem. • Fokksnø vil stabilisere seg. Rimet vil vedvare, og kantkornomdanninga går fort. Det er lite snø tilgjengeleg for transport. • 2 Moderat • Varslet faregrad er riktig • God skildring