Bilde 1 av 8 Av:  Faretegn Opphavsrett:  Ingrid@NVE Kommentar:  Våt snø som blir satt i bevegelse ved påverknad.
Bilde 2 av 8 Av:  Faretegn Opphavsrett:  Ingrid@NVE Kommentar:  Glidesprekker og våte laussnøskred. Usikker på når laussnøskreda har gått.
Bilde 3 av 8 Av:  Vær Opphavsrett:  Ingrid@NVE Kommentar:  Sol på kvaløya.
Bilde 4 av 8 Av:  Vær Opphavsrett:  Ingrid@NVE Kommentar:  Slørskyer mot fastlandet
Bilde 5 av 8 Av:  Vær Opphavsrett:  Ingrid@NVE Kommentar:  Skyene trakk noko lenger ut.
Bilde 6 av 8 Av:  Snødekke Opphavsrett:  Ingrid@NVE Kommentar:  Vatn i sjikt, våtast snø øverst, fastare lengre nede.
Bilde 7 av 8 Av:  Snødekke Opphavsrett:  Ingrid@NVE Kommentar:  Høgare snøgrense lengst ut på kysten i sørvendte heng.
Bilde 8 av 8 Av:  Snødekke Opphavsrett:  Ingrid@NVE Kommentar:  I nordsiden kan en framleis gå på ski nesten frå fjøresteinane.
Faretegn
• Ferske skred • Område: I dalen/fjorden. Beskrivelse: Høyrte nokre skred, men såg ikkje dei, så veit ikkje storleiken. Hørte ganske små ut og må ha vore våte laussnøskred.
Elles har det gått ein del våte laussnøskred, og enkelte flakskred dei siste dagane. Vanskeleg å sjå kva slags som er dagsferske og kva slags som er eldre. Storleiken varierar.
• Mye vann i snøen • Område: Generelt på fjellet. Beskrivelse: I dei øvste 10-20 cm er det mykje vatn i snøen. Snøen er difor laus, og i brattare heng løyser skiløparar ut små skred.
• Annet faretegn (spesifiser) • Område: I dalen/fjorden. Beskrivelse: Det er glidesprekker nokre stadar.
Skredaktivitet
• 21. mai. I løpet av dagen • Sjå fareteikn
Vær
• Ikke nedbør • 9 °C • 2 m/s • 10% skyer • Etter at det var skya i går, er det i dag sol, varmt og lite vind. Klarast vær er det lengst ut på kysten, innover mot fastlandet har det komme slørskyer utover dagen som har trekt lenger ut. Ved nokre fjelltoppar ligg den lett skodde som kjem og går. Det er mykje snøsmelting.
Snødekke
• Ikke snøfokk • 0 cm • Nysnøgrense på 0 moh • Våt løssnø • Våt • Det er mykje snøsmelting i sola. Berre på nokre timar merka ein skilnad lengst nede. Dette gir også ulik ulik snøgrense. Generelt vil eg sei den er så godt som til havnivå, men lengst ut på kysten i sørvendte sider har den blitt høgare.
Snøen består her i hovudsak av smelteomdanna snø. I dei øvste 10-20cm er snøen våt til svært våt, medan den djupare nede er fastare. Stadvis ser ein at fuktigheten samlar seg i sjikt, andre stadar kan ein så vidt sjå restar av kantkorn, men vil betegne dei som smelteomdanna her. Dette er kanskje annleis andre stadar.
Skredproblem
• Våte løssnøskred • Ubunden snø • Naturlig utløst • 2 - Middels • Noen bratte heng Ø, SØ, S, SV, V • Det kan gå våte laussnøskred naturleg, men det er også lett for skiløpar og løyse ut skred. Det er i bratte, solvendte heng at faren for dette er størst, og det kan vere smart å unngå terrengfeller.
• Våte flakskred • Kantkornet snø over skarelag • Innen en meter • Naturlig utløst • 3 - Store • Få bratte heng over ukjent moh • Eg har ikkje sett dette gått i dag, men skredaktiviteten dei siste dagane tyder på at dette skal vere med som skredproblem.
Skredfarevurdering
• Det kan gå våte laussnskred enten naturleg, men det er også lett for ein skikøyrar og løyse ut skred. Dette gjeld særleg i brattare solvendte heng, og det kan vere lurt å unngå terrengfeller. I tillegg kan det gå enkelte våte flakskred der våt snø påverkar vedvarande svake lag i snødekket.
No er god timing er viktig om ein skal ferdast i bratt skredterreng. • 2 Moderat