Hopp til hovedinnhold

Snøskredvarsel for region Tromsø tirsdag 12.12.2023

Faregrad 2 - Moderat snøskredfare

Publisert:
Skred kan løysast ut i fokksnø og på vedvarande svake lag.

Skredfarevurdering

Sist veke vart det danna fokksnøflak når det var sterk vind, og det er framleis mogleg å løyse ut skred i desse. Dett er fordi flaka stadvis ligg over vedvarande svake lag av kantkorn og/eller rim. Vedvarande svake lag gjer at skred er lettare å løyse ut, også frå avstand. Storleik på eventuelle skred er avhengig av kor mykje snø som har samla seg i det aktuelle henget, dei fleste stadar er dei relativt små. Små skred kan likevel ha alvorlege konsekvensar, særleg i terrengfeller og når det er så mykje oppstikkande stein som no.

Det er også vedvarande svake lag djupare i snødekket. Mange stadar verkar det vanskeleg å påverke desse, medan det andre stadar verker lett. Gjer difor nøye lokale vurderingar om du skal ferdast i skredterreng.

Skredproblemer

Vedvarende svakt lag (flakskred)

Du kan lett løse ut skred i noen få bratte heng. Skred kan bli store nok til å begrave og ta livet av deg (str 2). Fjernutløsing er mulig.

Nedsnødd eller nedføyket kantkornet snø

Her beskriver vi oppbygningen i snødekket og varslet vær i fjellet på det tidspunktet varselet ble laget. Om dine observasjoner avviker veldig fra det som er beskrevet her, vil ikke nødvendigvis varselet være gjeldende heller. Gjør alltid egne vurderinger eller hold deg unna skredterreng.

Snødekkehistorikk

Mandag 11. desember 2023

Det er eit relativt tynt, men bærande snødekke. Etter ei lang kuldeperiode har det danna seg svake lag av kantkorn og rim i snødekket. Enkelte stadar består nesten all snøen av kantkorn, andre stadar er det meir lagvis og blant anna finnast det kantkorn rundt skare danna i oktober.

Vind og noko nysnø i førre veke og måndag har påverka snøoverflata, og over tregrensa finnast det fokksnø av varierande hardheit i lesider. Sidan desse ligg over vedvarande svake lag har det den siste tida gått skred, både naturleg og fjernutløyste, og det er observert drønn og skytande sprekker.

Fjellvær

Mandag 11. desember 2023

2 mm i døgnet, opp mot 10 mm i mest utsatt område. Nedbør som snø. Bris fra sørvest. -15 °C til -3 °C på 700 moh. Delvis skyet.

Tirsdag 12. desember 2023

Oppholdsvær. Bris fra sørøst. -17 °C til -6 °C på 700 moh. Delvis skyet.

Råd

Varselet er et hjelpemiddel, ikke en fasit. Gjør alltid egne vurderinger. Vil du være helt skredtrygg, unngå alt skredterreng.
Forklaring til snøskredvarselet Abonner på varsler

Relevant innhold

Nyttige lenker

EAWS logo
NVE er medlem av EAWS