Faretegn
• Ferske skred • Område: I dalen/fjorden. Beskrivelse: Sjå skredaktivitet
• Rask temperaturstigning • Område: Fylket/varslingsregion. Beskrivelse: Sidan tidleg på morgonen steig temperaturen med ca. 8-9 grader, men med relativt stabilt snødekke betyr ikkje det veldig mykje.
Skredaktivitet
• 28. mai. I løpet av dagen • Våte løssnøskred • Flere (6-10). 1 - Små. Naturlig utløst • Noen bratte heng. N, NØ, Ø, SØ, S, SV, V, NV. Over 400 moh • Eg har ikkje vore i området anna enn i dag, så er usikker på om skreda er ferske. Men det hadde gått våte laussnøskred, hovedsakelig str 1 (enkelte større), i nokre heng.
Vær
• Ikke nedbør • 15 °C • Har kjørt tur-retur Tromsø-Alteidet siste døgnet. Natt til tirsdag var det modnattsol og klarvær, med ca. 4 grader ved havnivå dei fleste stadar. På dagen i dag var det sol og varmt, opptil 15-16 grader. Utover ettermiddagen kom det ein del skyer, og iallefall i kåfjord og innerst i storfjorden var det kraftige regnbyger på kveldinga. Heilt ytterst på kysten, på Skjervøy, såg det ut til å vere sol heile kvelden.
Snødekke
• Ikke snøfokk • Våt løssnø • Våt • På turen i dag var det i hovudsak våt grovkorna smelteomdanna snø frå botn til topp. Høgast oppe i nordsider var det eit tynt lag med snø som var litt meir finkorna, men fuktig/våt. Innsynking ski var omlag 5 cm, og det varierte mellom å vere fin slusj (oppe) og suge/lugge føre (700 moh og ned). Vinden tørka litt ut snøen på dei mest utsette stadane i høgda, utan at den fraus. Snøgrensa varierer ganske mykje i landsdelen (Tromsø-altaeidet). Det generelle inntrykket mitt er at snøgrensa er lavare dess lenger ut mot kysten du kjem (har vore mest snø der), men eksposisjon har også mykje å sei. Der det har vore lite snø (bratte sider og avblåste ryggar) kan det vere bart til fjelltopphøgde, men andre stadar kan der vere samanhengande snø ned til 100 moh. Om ein skal generalisere er snøgrensa på ca. 200 moh på kysten, og på 300-400 moh lenger inne.
Skredproblem
• Våte løssnøskred • Ubunden snø • Naturlig utløst • 1 - Små • Få bratte heng N, NØ, Ø, SØ, S, SV, V, NV over 400 moh • I dag kunne det gå våte laussnøskred i bratte heng, men med avgrensa storleik.
Skredfarevurdering
• Det er generelt eit stabilt snødekke. Nokre mindre våte laussnøskred kunne truleg gå naturleg og var mogleg å utløyste i bratte heng i dag. Sidan det kun gjeldt dei brattaste henga og skred ville bli relativt små, var faregrada lav. • 1 Liten • Varslet faregrad er riktig