Snøskredvarsel for region Vest-Finnmark onsdag 04.05.2022

Faregrad 2 - Moderat snøskredfare

Publisert:

Det er fleire skredproblem. Skred kan gå i fersk fokksnø, der sola tek og på vedvarande svake lag.

Skredfarevurdering

Skred kan løysast ut i fersk fokksnø. Lettast vil det vere å løyse ut skred på starten av dagen når det er snøfokk. Lokalt kan det også finnast eit vedvarande svakt lag mellom smelteomvandla snø og tørr finkorna snø. Der det finst kan skred vere lettare å løyse ut og bli større enn om slike lag er fraværande. Om sola kjem fram mellom bygene kan enkelte mindre skred losne av seg sjølv.

Skredproblem

Fokksnø (flakskred)

Du kan lett løse ut skred i noen bratte heng. Skred kan bli store nok til å begrave og ta livet av deg (str 2).

Råd

Varselet er et hjelpemiddel, ikke en fasit. Gjør alltid egne vurderinger. Vil du være helt skredtrygg, unngå alt skredterreng.

Snødekkehistorikk

Den siste tida har det kome mykje nysnø. Enkelte stadar, som i Øksfjord, er det rapportert om 80-100 cm nysnø den siste veka. Snøen er påverka av vind fleire stadar, og hardheit og utbreiing av fokksnø varierer etter kor mykje vinden har tatt. I skjerma områder kan det framleis vere ubunden snø.

I overgangen mellom gamal fuktig snø og nyare tørr snø har det danna seg eit skarelag. Høg temperaturgradient gjer at det lokalt har danna seg kantkorn rundt dette. Flakskred som gjekk i helga kan potensielt ha gått på slike lag. Likevel verkar det som at dei fleste stadar er korna små eller ikkje utvikla god nok til å vere eit skredproblem.

Fjellvær, 03.05.2022

4-8 mm nedbør i døgnet. Nedbør som snø. Frisk bris fra nord, endring til liten kuling fra nordvest om kvelden. -11 °C til -6 °C på 1100 moh. Delvis skyet.

Fjellvær, 04.05.2022

10 mm i døgnet, opp mot 15 mm i mest utsatt område. Nedbør som snø. Frisk bris fra nordvest, endring til bris fra nordvest om ettermiddagen. -10 °C til -5 °C på 1100 moh. Delvis skyet. Av og til liten kuling først på dagen.

Forklaring til snøskredvarselet Skriv ut varselet Abonner på varsler

Relevant innhold

Nyttige lenker

EAWS logo
NVE er medlem av EAWS