Faretegn
• Ingen faretegn observert
Skredaktivitet
• 5. mar. I løpet av dagen (+01:00) • Ingen skredaktivitet
Vær
• Snø • -2 °C • 4 m/s fra N ↓ • 100% skyer • Det var overskya, svak vind frå aust, og nokre få snøfugg i lufta. I ettermiddag snør det i Myrkdalen.
Snødekke
• Ikke snøfokk • 1 cm • Litt tørr løssnø (1-10cm) • Tørr • Det er lite snø i forhold til normalt på Vikafjellet, og snødekket er ujamnt fordelt i terrenget. Ryggar og andre vindutsette terrengformasjonar er avblåste, medan det ligg meir snø i leheng (vest) og skjerma terrengformasjonar. I hovudsak består snødekket av ein smelte-frysepakke som er stabil med 10-15 cm fokksnø og ubunden snø opp på. I smelte-fryse-pakken er det nokre lausare lag med delvis omdanna kantkorn, men desse laga er uproblematiske no, sidan den harde overliggande snøen gjer dei umogleg å påverke. Snøen er fuktig i dei 20 nederste cm.
Snøprofil
• 1 test knyttet til snøprofilen • Profil i vestvendt heng på Vikafjellet. Fokksnøflak på smeltepakke. I smeltepakken er det nokre lausare lag med delvis omdanna kantkorn, som ikkje er eit problem (les under snødekke). • Vedvarende svakt lag: tynt lag, under flak, grunt • 9 temperaturpunkter observert
Skredproblem
• Tørre flakskred • Nedføyket svakt lag med nysnø • Innen en halv meter • Laget der bruddet skjer er tynt < 3 cm. Det overliggende laget er mykt. • Vanskelig å løse ut • 1 - Små • Noen bratte heng N, S, SV, V, NV over 900 moh
Skredfarevurdering
• Det finnast fokksnøflak i leområder mot vest, men det skal mykje til å påverke dei i stabilitetstestar, og dei er i hovudsak tynne. Om ein løyser ut skred vil desse bli små. Smeltepakken under er stabil, og skredfaren er generelt liten. • Det er meldt litt nedbør og lite vind onsdag, men dette vil truleg ikkje påverke snødekket, og det er gunstige temperaturar for vidare stabilisering av fokksnøflak. Torsdag er det meldt meir nedbør, også i kombinasjon men vind, og då kan nysnøflak bygge seg opp og gi auka skredfare. • 1 Liten • Varslet faregrad er for høy • Opplevelsen på tur var at varsla faregrad var for høg, men har ikkje oversikt over andre delar av regionen (første dag ute i fjellet). Har vore i eit relativt lite område...