Bilde 1 av 7 Av:  Tester Opphavsrett:  Cato Leganger Kommentar:  Brudd omlag 45 cm ned i snødekket. Brudd i kantkornlag.
Bilde 2 av 7 Av:  Tester Opphavsrett:  Cato Leganger Kommentar:  Kantkorna snø. Gjekk ikkje i brudd før eg la ekstra vekt bak søyla.
Bilde 3 av 7 Av:  Tester Opphavsrett:  Cato Leganger
Bilde 4 av 7 Av:  Snødekke Opphavsrett:  Cato Leganger Kommentar:  Ei blanding mellom sterkt vindpåvirka snø og skare på ryggen ovanfor Nipeskar.
Bilde 5 av 7 Av:  Snødekke Opphavsrett:  Cato Leganger Kommentar:  Nokre parti med vindpakka snø.
Bilde 6 av 7 Av:  Skredproblem Opphavsrett:  Cato Leganger
Bilde 7 av 7 Av:  Skredproblem Opphavsrett:  Cato Leganger Kommentar:  På staden eg grov profilen, så gjekk laget i brudd omlag 45 cm ned i snødekket - total djupne 95 cm ca.
Skredaktivitet
• Våte løssnøskred • Noen (2-5). 2 - Middels. Naturlig utløst • Få bratte heng. SØ, S, NV • Observerte nokre naturleg utløyste laussnøskred. Varierande eksposisjon, men enkelte var solvendt og har truleg løyst ut som følgje av solpåvirking gjennom dagen. Eit par andre låg i mindre solpåvirka sider. Storleiken var såpass at ein skikøyrar ville hatt vanskar med å stå oppreist i det, så det er verdt å merka seg.
Vær
• Ikke nedbør • -6 °C • 1 m/s fra N ↓ • 5% skyer
Snødekke
• 95 cm • Lett snøfokk • 0 cm • Mye tørr løssnø (10-30cm) • Tørr • Det tørr laussnø under og eit stykke forbi tregrensa, men etter det er det skare og vindpåvirka snø - til dels sterkt vindpåvirka - spesielt langs ryggar.
Tester
• ECTX • Ingen brudd, men det er ein tydeleg lagdeling som går i brudd når eg legger press på søyla bakfrå. Får eit tydeleg brudd i kantkornlaget - type Q2. Det oppstår også brudd i det nedføyka nysnølaget lenger oppe i søyla - type Q3.
Skredproblem
• Tørre flakskred • Nedsnødd eller nedføyket kantkornet snø • Innen en halv meter • Stor, tydelig gjenkjennbar krystall i det svake laget. • Vanskelig å løse ut • Mulig • 3 - Store • Noen bratte heng N, NØ, Ø, SØ, S, SV, V, NV • Det skal truleg stor eller større tilleggsbelastning til for at laget går i brudd, men ver ekstra obs der snødekket er tynnare. Moglegvis det er lettare å trigge det svake laget der. Med tanke på vær dei siste vekene er det også truleg at dette laget finnes i alle eksposisjonar. Eg gravde profil og fant laget i nordvest vendt side, på omlag 800 moh.
• Tørre flakskred • Nedføyket svakt lag med nysnø • Innen en halv meter • Det overliggende laget er mykt. • Vanskelig å løse ut • Mulig • 2 - Middels • Mange bratte heng NV • Basert på vindretning siste dagar, så finnes nok dette laget i tilgrensande eksposisjonar også.
Skredfarevurdering
• Tilsynelatande moderat skredfare, men det er tydeleg svake lag i snødekket, og ein skal vere forsiktig der snødekket er tynnare og det er lettare å trigge disse laga, kanskje spesielt det kantkorna laget. Det nedføyka nysnølaget virkar å ha begrensa forplantningsevne, men det er truleg meir aktivt i enkelte brattare heng, så det kan vere lurt å avvente å oppsøke disse til det har fått stabilisert seg. Når det gjeld det kantkorna laget, så er det vanskelegare å sei noko, men det skal truleg større tilleggsbelastning til for å trigge det - til dømes eit fall eller liknande kan vere nok - der det er bratt nok og snødekket er tynnare bør ein vere ekstra på vakt. Ver obs! • Det er meldt ein del sol dei neste dagane, noko som moglegvis etter kvart vil føre til at det nedføyka nysnølaget vil stabilisere seg, men det er trass i sol rimeleg kaldt, noko som potensielt vil få denne prosessen til å gå saktare. • 2 Moderat • Varslet faregrad er riktig