Faretegn
• Ingen faretegn observert • Område: I dalen/fjorden. Beskrivelse: Generelt svært lite snø i fjellet her i Rosendal.
Vær
• Snø • -2,1 °C • 0 m/s • 100% skyer • Lett snøvêr på ca 1000 moh.
Snødekke
• 30 cm • Ikke snøfokk • 1 cm • Nysnøgrense på 400 moh. Snøgrense på 400 moh. Grense for lagdelt snø er på 900 moh • Vindpakket hard • Tørr • Generelt vindpakka og hard snø, men med eit tynt 1 cm tjukt nysnølag oppå. Enkelte lommer med ubunden snø i vestvendte heng; 10-20 cm. Det er generelt lite snø i denne delen av Hardanger. Enkelte leområder, som der eg grov snøprofil, har det akkumulert seg ein del snø. Typisk nordvestvendte sider. Om eg skal anslå ei gjennomsnittleg snødjupne for dette området; ca 30 cm, men med enkelte lommer med meir snø.
Tester
• ECTX • God • Det er generelt lite snø. Testen vart utført i ei nord- nordvestvendt side kor det har vore ein del pålagring den siste veka.
Skredproblem
• Tørre flakskred • Nedsnødd eller nedføyket overflaterim • Innen en halv meter • Laget der bruddet skjer er tynt < 3 cm. • Vanskelig å løse ut • 1 - Små • Få bratte heng N, V, NV over 900 moh • På staden der eg utførte ECT fekk eg ikkje brudd eller bruddforplanting. Snøoverflata er tilsynelatande for hard til at eg klare å påvirke det svake laget, som her låg relativt djupt. Ein kan likevel vere obs på at vi har å gjere med eit vedvarende svakt lag i denne eksposisjonen, og eg vil anta at det vil vere mogleg å løyse dette ut i områder der det overliggende laget er mjukare/tynnare. I området eg var i er det begrensa med snø, så skred her vil typisk vere str. 1, men eg vil også anta at i områder med meir snø, mogleg i indre deler av regionen, vil det kunne gå str. 2 skred. Då eg braut ut blokka med spaden gjekk blokka ut i eitt, men eg måtte legge på ein del kraft for å den til å "gå".
Skredfarevurdering
• Generelt lite snø i fjella rundt Rosendal/ytre Hardanger, men med enkelte lommer/renner med meir vindtransportert snø. Under den vindtransporterte snøen finnes, etter det eg klare å sjå, eit lite rimlag som heng fast i den overliggende fokksnøen. Eg klare likevel ikkje å få dette til å gå i brudd då snøoverflata er hard. Ver likevel obs der overliggende snø er mjukare og snødekket er tynnare. • Rimet må vi vel slite med, mens overgangane i fokksnøen vil stabilisere seg etter kvart. • 2 Moderat • Varslet faregrad er riktig • Det er litt vanskeleg å uttale seg då eg ikkje veit korleis utbreiinga av skredproblemet er i indre deler av regionen. Basert på ADAM, er vi på faregrad 1 for denne delen av regionen, men eg antar at det er meir snø og større utbreielse i indre deler...men det vert sjølvsagt berre synsing frå mi side.
Notater
• Dette var min fyrste tur i området for sesongen. Skal prøve å få gått nokre turar i andre deler av regionen snarast.