Vær
• Ikke nedbør • 1 °C • 1 m/s fra NV ↘ • 100% skyer
Snødekke
• Generelt særs lite snø i denne delen av regionen. Frå påske har det smelta særs mykje. Snødekket består av smelteomvandla snø. Der det framleis ligger snø har det lagt seg litt nysnø oppå. Nysnøen kom fredag. Mengda nysnø er liten og utan betydning per no. Der eg var i dag var det eit par cm med nysnø fordelt over enkelte spreidde snøfonner. Mogleg meir nysnø andre plassar.
Skredproblem
• Våte løssnøskred • Ubunden snø • Svært vanskelig å løse ut • 1 - Små • Få bratte heng mellom 1000 moh og 800 moh • Litt vanskeleg å sei noko om utsatt høgde og eksposisjon. Det er relativt kaldt, med ca 1+ på 700 moh. Lite truleg at det vil gå våte laussnøskred under rådande vêrforhold, men eg legger det inn som skredproblem då det er det einaste, i tillegg til evt glideskred, ein bør ta omsyn til. Det er heller ikkje mykje snø, så i dag og i morgon (sundag), med dei temperaturene som er meldt, tvilar eg på at det kjem til å gå nevneverdig mange våte laussnøskred. Under 8-900 moh her i denne delen av regionen er det eigentleg ikkje snø. Men frå måndag, når det i følgje yr.no skal verte meir sol/varme, er det nok meir aktuelt.
Skredfarevurdering
• Skredfaren er knytt til våte laussnøskred og potensielt glideskred. Utbreiinga er begrensa. Lite snø i ytre del av Hardanger, men det finst framleis skiføre i nord-nordvest vendte heng over 8-900 moh, samt, i dalføra lenger inn mot Folgefonna. Det kom litt nysnø i går, fredag, men ikkje nevneverdig mykje. Snødekket består av smelteomvandla snø. Litt nysnø over ca 8-900 moh. • Genrelt særs stabile forhold. Med tanke på vêret som er meldt vil det vere lite endring å spore i morgon og til tidleg måndag. Det er heller ikkje mykje snø, så i dag og i morgon (sundag), med dei temperaturene som er meldt, tvilar eg på at det kjem til å gå nevneverdig mange våte laussnøskred. Under 8-900 moh her i denne delen av regionen er det eigentleg ikkje snø. Men frå måndag ettermiddag vil eg tru, basert på yr.no, at våte laussnøskred i større grad kan verte aktuelt igjen. • 1 Liten • Varslet faregrad er riktig