Faretegn
• Drønn i snøen • Område: I denne fjellsiden. Beskrivelse: Person opplevde drønn i snøen i same fjellside som der eg var berre litt høgare oppe. Over 1100m.
• Fersk vindtransportert snø • Område: Generelt på fjellet. Beskrivelse:
Vær
• Snø • -4 °C • 6 m/s fra N ↓ • 90% skyer • Vekslande vêr. Moderat snøfokk til tider.
Snødekke
• Moderat snøfokk • Nysnøgrense på 700 moh. Snøgrense på 700 moh. Grense for lagdelt snø er på 900 moh • Mye tørr løssnø (10-30cm) • Tørr • Varierande snødekke. Enkelte plasser er mildvêrsskaren framme, medan det i leformasjoner ligg mykje tørr laussnø. Det har tilsynelatande vore mildt (anten regn eller fuktig snø) til over 1100 moh under førre vekes mildvêrsperiode.
Tester
• CTM18@50cm(Q2) • Middels • Gjekk i brudd i delvis avrunda kantkorn ved bakken. Denne testen vart gjort på ca 1100 moh. Tørrsnø like til bakken.
• CTH25@70cm(Q3) • God • Gjekk i brudd i gammalt avrunda kantkornlag. Svært fuktig og korna klumpa seg saman i større ballar. Denne testen vart gjort på ca 1000 moh.
Snøprofil
• 1 test knyttet til snøprofilen • Snøprofil teke på ca 1000 moh. • 7 Lagdeling • 7 temperaturpunkter observert
Skredproblem
• Tørre flakskred • Dårlig binding mellom lag i fokksnøen • Innen en halv meter • Svært lett å løse ut • 2 - Middels • Få bratte heng Ø, SØ, S, SV over 900 moh • Observerte snøfokk frå ca 900 moh og opp. Mogleg fjernutløyst skred, som nemnt i observasjonen her, gjekk pga dårleg binding i fokksnøen.
• Tørre flakskred • Kantkornet snø ved bakken • Innen en meter • Laget der bruddet skjer er tynt < 3 cm. Stor, tydelig gjenkjennbar krystall i det svake laget. • Vanskelig å løse ut • 2 - Middels • N, NØ, Ø, SØ, S, SV, V, NV over 1100 moh • Kantkorn ved bakken delvis avrunda/smelteomvandla. Tydeleg forskjell frå ca 1000 moh og til 1100 moh. I profil på 1000 moh var dette laget heilt nøytralisert og fuktig, medan det på 1100 moh var tørt like til bakken. Ein kan difor vere obs på at det framleis kan vere aktuelt over 1100 moh. Moglegvis mest aktuelt i indre strøk av regionen der det har vore litt lågare temperatur enn i ytre del. Eg rakk dessverre ikkje å utføre full stab.test og snøprofil her.
Skredfarevurdering
• Dårlig binding mellom lag i fokksnøen er nok primært problem i dag og dei neste dagane. Tiltak ved ferdsel i utsatte himmelretninger og høgder bør iverksettast.
Sekundært så observerte eg kantkorn ved bakken over 1100 moh. Eg kunne ikkje finne dette under dette høgdeintervalet. Der var det tilsynelatande smelta vekk. Dette er greit å ha i mente, spesielt no når snødekket er såpass tynt enkelte plasser. Det skal ein del til for å aktivere dette mtp overliggende lag tek opp og fordeler mykje av energien ein skiløpar påfører, men ver obs. Det er rimeleg å anta at dette eksisterer i alle himmelretninger. • Dårlig binding mellom lag i fokksnøen er nok primært problem i dag og dei neste dagane mtp vêret, men vinden skal dreie i kveld/i morgon. Dette fører moglegvis til, avhengig av vindstyrke, at skredproblemet flytter seg over i nye himmelretninger. Det ligg ein del snø tilgjengeleg for transport. • 2 Moderat • Varslet faregrad er riktig • Synes tekstvarselet er fornuftig mtp det eg observerte i dag, laurdag 7.12.19. Av det eg såg i dag var det rimeleg å anta at str 2 skred kan løsne. Det vart fjernutløyst eit str 1 skred, men om det er "Få" eller "Noen" heng som skal vurderast avgjer om det vert FG2 eller FG3. Litt vanskeleg å sei.
Notater
• Problem med tlf pga kulde og snøfokk fører til at eg ikkje får lagt inn undervegs. Henger seg opp. Avrunda kantkorn ved bakken over 1100 meter. Under det er det tilsynelatende heilt nøytralisert. Pågåande oppbygging av fokksnøflak. Spesielt i sørleg sektor. Snakka med ein som hadde hatt skytande sprekker og fjernutløysing av eit mindre skred nær kulformasjon - dette over 1100 meter i sørvendt side. Flak på 5x10 meter ca. 10 cm tjukt flak. Mogleg fokksnøflak. Sender full obs i kveld.