Faretegn
• Fersk vindtransportert snø • Område: I denne fjellsiden
Skredaktivitet
• 2. feb. 18-24 (+01:00) • Våte løssnøskred • Mange (10 eller mer). 2 - Middels. Naturlig utløst • N, NØ, Ø, SØ, S, SV, V, NV • Våte laussnøskred og flakskred etter mildværet i går, laurdag. Observerte ingen dagsferske skred.
Vær
• Ikke nedbør • -5 °C • 8 m/s fra NV ↘ • 50% skyer • Gårsdagen bar preg av mildvêr høgt til fjells. Det kjølna utpå kvelden, og truleg har det falle om lag 5 cm nysnø i løpet av natta. Sundag var det vekslende vêr; sol, overskya og vind frå nordvest av vekslande styrke.
Snødekke
• 230 cm • Moderat snøfokk • 5 cm • Nysnøgrense på 600 moh. Snøgrense på 600 moh • Vindpakket myk • Tørr • Moderat til kraftig snøfokk. Vekslande snødekke. Varierer mellom vindpakka mjuk til mildvêrsskare frå i går.
Snødekket er framleis særs varierande i regionen. Over tregrensa varier snødekket mellom å vere vindpakka mjuk til at mildvêrsskaren, som oppstod som følgje av mildvêret laurdag, er framme. Det kan sjå ut som at mildvêret strekte seg opp til minst 1200 moh. Avhengig av kor du er i regionen så er det skiføre frå om lag 700 moh (indre del), mens du må noko høgare opp i ytre del for å finne tilsvarande samanhengande skiføre. For ytre del av regionen (Rosendal) så ligg det meir snø i "baksidene" av fjella enn kva det gjer i fjellsidene som vender mot fjorden (vest og tilgrensande). I indre del av dalane så ligger også snøgrensa og grensa for samanhengande skiføre lågare nede enn kva den gjer elles.
Tester
• CTM13@23cm(Q2) • Middels • Går i brudd midt i 13 cm tjukt lag av nedføyka nysnø.
Snøprofil
• 1 test knyttet til snøprofilen • Stor temperaturgradient høgt i snødekket. Vil vere interessant å følgje med på dei to skarelaga øvst i snødekket mtp potensiell utvikling av kantkorn - om det heldt seg kald utan nye og gjennomgtrengande mildvêrssyklusar. • 7 Lagdeling • 7 temperaturpunkter observert
Skredproblem
• Tørre flakskred • Nedføyket svakt lag med nysnø • Innen en halv meter • Det svake laget bryter både lett og glatt. Det overliggende laget er mykt. Stor, tydelig gjenkjennbar krystall i det svake laget. • Lett å løse ut • 3 - Store • Noen bratte heng Ø, SØ, S over 700 moh
Skredfarevurdering
• Skredfaren vurdert utifrå der eg var i dag er primært knytt til fokksnøflak over nysnø. Ver obs i leformasjoner der vinden har bygd opp fokksnøflak. Tydeleg mot søraust til austlig himmelretning i dag. • Vinden skal avta dei neste dagane, noko som vil gi snødekket tid til å stabilisere seg litt. Det er meldt relativt kaldt, med innslag av klarvêr, så det kan vere lurt å følgje litt med på skarelaga mtp potensiell utvikling av kantkorn - om det heldt seg kald. • 2 Moderat • Varslet faregrad er riktig • Synes varslet treffer godt. Eg var ikkje i område med potensiale for glideskred, så eg kan ikkje uttale med om det.