Faretegn
• Fersk vindtransportert snø • Pågåande vindtransport frå sør-aust.
Vær
• Ikke nedbør • -4,1 °C • 7 m/s fra SØ ↖ • 50% skyer • Varierande skydekke. Tiltakande vind frå sør-aust. Relativt lik vêrtype som i går, fredag.
Snødekke
• 120 cm • Lett snøfokk • 0 cm • Nysnøgrense på 600 moh. Snøgrense på 500 moh. Grense for lagdelt snø er på 600 moh • Vindpakket myk • Tørr • Observerte lett til kraftig snøfokk, avhengig av kor du er i terrenget. Kraftig snøfokk i høgda. Eg bevega meg i sør-vest til nordlig sektor og opp til høgde på ca 900 moh. Følgjande er skildrende for den himmelretning/høgda i dag, laurdag:
Samanhengande skiføre frå ca 400 mot, men vekslende. Delvis skare/fuktig nysnø frå torsdag/natt til fredag opptil ca 550 moh. Over det tørrsnø av ulik konsistens.
Under tregrensa er det ubundne snø. Over tregrensa er det meir variasjon. Der vinden har fått tak er det vindjakka mjuk til hard. Enkelte plasser er skaren framme i dagen. Det er også ein del lommer med ubunden snø der vinden ikkje har fått tak.
Tester
• CTE7@5cm(Q2) • Dårlig • Flaket smuldrer opp. Relativt tidleg i fokksnøflak etablering.
• CTM17@35cm(Q1) • Middels • Går i brot i eldre nedføyka nysnø.
Snøprofil
• Snøprofil teke på ca 900 moh. I leheng mot nord. • 7 Lagdeling • 9 temperaturpunkter observert
Skredproblem
• Tørre flakskred • Nedføyket svakt lag med nysnø • Innen en halv meter • Det overliggende laget er mykt. Stor, tydelig gjenkjennbar krystall i det svake laget. • Lett å løse ut • 2 - Middels • Noen bratte heng N, V, NV over 600 moh • Pågåande vindtransport frå sør-aust bygger opp fokksnøflak over nysnø i nordvendte sider. Då eg tok CT var det relativt tidleg i oppbyggingsfasen slik at fokksnøflaket var relativt mjukt og tynt enda.
• Tørre flakskred • Nedføyket svakt lag med nysnø • Innen en halv meter • Det svake laget bryter både lett og glatt. Laget der bruddet skjer er tynt < 3 cm. Stor, tydelig gjenkjennbar krystall i det svake laget. • Lett å løse ut • 2 - Middels • Noen bratte heng N over 700 moh • Litt usikker på utbreiinga av dette skredproblemet då det er eit lag som heng att frå tidlegare i veka. Eg var i nordvendt side i dag og der var det framleis aktuelt. Eg antar at det er det skredproblemet som er i varselet per i dag.
• Tørre flakskred • Kantkornet snø over skarelag • Innen en halv meter • Det svake laget bryter både lett og glatt. Laget der bruddet skjer er tynt < 3 cm. Stor, tydelig gjenkjennbar krystall i det svake laget. • Lett å løse ut • 3 - Store • Mange bratte heng N, NØ, Ø, SØ, S, SV, V, NV over 800 moh • Eg er litt usikker på utbreiinga av dette skredproblemet då eg ikkje fant det i leheng mot nord på ca 900 moh. Eg fant det ca 100 høgdemeter lenger nede i heng mot vest. Her var snødekket tynnare og skredproblemet meir aktuelt. Eg vil anta at det er aktuelt i alle himmelretningar, men gjerne meir framtredende der snødekket er tynnare og høgare oppe. Over ca 900 moh. På 800 moh var laget av kantkorn ein kombinasjon av vindtransport og smelte/kant. Dette stemmer noko lunde med observasjon av vêrmønster frå førre helg og fram til i dag. Laget er truleg meir inntakt høgare oppe. Merk stor temp. gradient i snøen i dag.
Skredfarevurdering
• Skredfaren i dag var/er knytt med mot nedføyka nysnø frå nokre dagar tilbake. Denne byrjar å binde seg bra til det overliggende og underliggande laget, men det treng framleis litt tid på seg til å verte heilt stabilt. Det er relativt stor temp.gradient i snødekket rundt disse laga, så det er forventa at det går litt seint. Kantkornlaget ligg som ei tikkende bombe nede i snødekket, så ver obs. Spesielt der snødekket er tynt og det er lettare å "trigge" det. Sjå/lytt etter alarmteikn, men fråver av opplagte teikn tyder ikkje på at det er sikkert. • Det skal auke på med nedbør og vind frå natt til sundag av. Det er venta relativt mykje nedbør og i kombinasjon med vind frå sør-aust vil skredfaren gå opp. Skredproblemet med nedføyka nysnø vil forsterke seg, samt at belastninga på kantkornlaget vil auke. • 2 Moderat • Varslet faregrad er riktig • Synes det er eit bra varsel for i dag, samt prognosane for i morgon. Det stemmer bra med mine observasjoner i dag, men eg var nok ikkje høgt nok til å få ein god observasjon av kantkornet mtp vêret som har vore.