Hardanger / Kvinnherad
CatoLeganger@obskorps (***)
Bilde 1 av 4 Av:  Snødekke Opphavsrett:  CatoLeganger@obskorps
Bilde 2 av 4 Av:  Snødekke Opphavsrett:  CatoLeganger@obskorps Kommentar:  Mot nord. Frå ca 800 moh. Ser toppar på ca 1200 moh.
Bilde 3 av 4 Av:  Snødekke Opphavsrett:  CatoLeganger@obskorps Kommentar:  Mot søraust.
Bilde 4 av 4 Av:  Snødekke Opphavsrett:  CatoLeganger@obskorps Kommentar:  Mot fjellet Ingahogg - 965 moh.
Faretegn
• Mye vann i snøen • Område: Generelt på fjellet. Skildring: Iallfall opp til 900-1000 moh, men mest truleg høgare opp også.
Skredaktivitet
• 22. feb. 18-24 (+01:00) • Våte løssnøskred • Mange (10 eller mer). 2 - Middels. Naturlig utløst • Mange bratte heng. N, NØ, Ø, SØ, S, SV, V, NV • Str 1 og 2 i brattheng.
Vær
• Ikke nedbør • 4,5 °C • 7 m/s fra Ø ← • 100% skyer • Fuktig vêr med regn og mild vind. Med + 4,5 grad på 800 meter så vil eg anta at det er mildt opp til ca 1300-1400 moh - kanskje høgare også.
Snødekke
• 50 cm • Ikke snøfokk • 0 cm • Grense for lagdelt snø er på 800 moh • Våt løssnø • Meget våt • Fuktig snødekke høgt til fjells. Regnet har trekt djupt ned. Der snødekket er tynnare er det gjennomfukta - iallfall opp til ca 900/1000 moh, men mest truleg innslagsvis høgare opp også. I leformasjoner der dekket er tjukkere er det større variasjon, men fukt har trekt djupt ned her også. Samanhengande skiføre frå ca 400-500 moh, men råten snø gjer det utfordrande å gå.
Truleg litt meir snø i indre del mot Røldal og Haukeli. Det er å merke seg at det er stor variasjon i regionen, både mtp forskjell i indre vs ytre del, men også høgde og himmelretning. I ein del sider er snøen smelta heilt vekk høgt til fjells, medan i andre, typisk mot nord og nordvest er det meir snø pga herskande vindretning frå aust i vinter. Vil anta at lagdelinga er litt meir inntakt høgare i terrenget, men det milde vêret har nok jobba seg ned i dekket her også.
Tester
• LBT • Slo ikkje ut.
Snøprofil
• Grov profil i leformasjon mot vest for å sjå kor djupt ned regnet har trekt. Mengde snø her er ikkje representativt for mengda i terrenget generelt. Mest truleg smelteformer mot bakken. NB! Får ikkje til å legge inn plussgrader på overflata, men der er det altså + 4,5 grader. • Vedvarende svakt lag: under flak • 6 temperaturpunkter observert
Skredproblem
• Våte løssnøskred • Ubunden snø • Naturlig utløst • 1 - Små • Mange bratte heng N, NØ, Ø, SØ, S, SV, V, NV mellom 1200 moh og 500 moh • Str 1 og 2 skred kan forventes. Truleg har mykje rast frå seg dei siste dagane. Enkelte himmelretningar er det ikkje snø under 1000 moh, men for regionen sett under eitt er det nok fornuftig med "Alle" og "Mange heng" trass i at det ikkje er like treffande over alt.
• Våte flakskred • Nedsnødd eller nedføyket kantkornet snø • Naturlig utløst • 3 - Store • Noen bratte heng N, NØ, Ø, SØ, S, SV, V, NV mellom 1300 moh og 1000 moh • Vil anta at det med mildveret vi har no, med regn høgt til fjells, framleis kan påvirke vedvarande svake lag i dekket, men eg vil også anta at dette er mest aktuelt mellom 1000 og 1300 moh då terreng under 1000 byrjar å verte gjennomfukta og terreng over 1300/1400 moh kan ha fått mindre regn - lågare temp. Der er nok det gamle skredproblemet med tørrare snø meir aktuelt. Som nemnt er det variasjon mtp mengde snø i regionen - ifht høgde og himmelretning - så skredproblemet er ikkje like aktuelt over alt. Det er i grenseland til "Få" heng pga mengde snø.
Skredfarevurdering
• I lågare terreng, under 1000 moh, kan det framleis gå våte laussnøskred av str 1 og 2 i bratte heng. Over 1000 moh må ein vere obs på at det kan gå naturlig utløyste våte flakskred på vedvarande svake lag, der det ligg nok snø. Det er ein del variasjon i regionen, og dei ulike skredproblema vil ikkje vere like aktuelle alle plasser, men ver ekstra obs i høgda over 900-1000 moh, og i terreng der det har samla seg mykje snø gjennom vinteren. • Synes vi nærmer oss ein Fg 2, men skal gruble litt på det. • 3 Betydelig • Det er vanskeleg å sei kva fargegrad vi bør ligge på då det varierer stort i regionen. Enkelte plasser er det avsmelta like opp til 1300 moh, medan det andre plasser er samanhengadande skiføre frå 500 moh. Men med utgangspunkt i at dei som skal på tur oppsøker terreng med snø, tenker eg at det er viktig å få godt fram i tekstvarselet at der det er nok snø er dei ulike skredproblema til stades. Om det er "Få", "Nokre" eller "Mange" heng er vanskeleg å sei så akkurat om det er FG 2 eller 3 er litt tja. Men synes vi nærmar oss 2.
Notater
• Legg inn snøprofil med temp seinare. Ikkje noko veldig forbløffande. I stor grad smelteomvandla snø.