Faretegn
• Ingen faretegn observert • Område: Fylket/varslingsregionen. Skildring: Ein del eldre skred å sjå. Det er ein del vatn i snøen, men det har det vore ei stund, så det er evt. ikkje noko ferskt fareteikn.
Skredaktivitet
• 27. feb. I løpet av dagen (+01:00) • Våte flakskred • Mange (10 eller mer). 3 - Store. Naturlig utløst • Mange bratte heng. N, NØ, Ø, SØ, S, SV, V, NV • Observerte mange eldre, våte flakskred. Enkelte opp i str. 3. Observerte også mange eldre våte laussnøskred. Det er ikkje noko ferskt, men registrerer det då det viser at det den siste veka (mest truleg i løpet av førre helg) gjekk ut mange skred. Det er positivt for skredsituasjonen i dag.
Vær
• Yr • 0 °C • 4 m/s fra V → • 100% skyer • Det fall litt snø over ca 1000 moh tidlegare i veka, samt at det har vore vind som flytta den ubundne snøen inn i austleg og tilgrensande sektorar. Etter det har temp. stige igjen, og i dag, laurdag, var det 0 grader og yr på ca 1300 moh.
Snødekke
• 120 cm • Ikke snøfokk • 0 cm • Nysnøgrense på 1300 moh. Snøgrense på 700 moh • Våt løssnø • Fuktig • Vått snødekke opp til ca 1300 moh - liten "snerk" av smelt-fryselag i øvste 1 cm av dekket i- og rundt denne høgda. Under denne høgda fuktig laus snø - jo lenger ned ein kjem, jo meir råten vert den. Over ca 12-1300 meter er det varierende overflate, vindpakka hardt - mjuk - iallfall i sør-søraustlig sektor.
Fant gammalt kantkornlag djupt nede i dekket, mellom to skare/islag, som tidlegare observert. Vil anta at dette ikkje har overlevd der dekket er tynnare. Ikkje eit problem per no, og vil mest truleg kun vere aktuelt i leformasjoner der det har samla seg mykje snø.
Varierende snømengde i regionen, men generelt lite snø. Meir i indre strøk enn ytre, både når det gjeld mengde snø og høgde for samanhengadande skiføre.
Tester
• CTM14@38cm(Q3) • Middels • God-middels stab. Str 1 og 2 skred kan forventes. Høgare opp der snødekket eventuelt er tørrare er det naturlig å tenke str. 2 skred og litt dårligere stab.
Snøprofil
• Grov profil i leformasjon mot sør-søraust. Ca. 20 grader bratt. • Vedvarende svakt lag: under flak • 11 temperaturpunkter observert
Skredproblem
• Tørre flakskred • Nedføyket svakt lag med nysnø • Innen en halv meter • Stor, tydelig gjenkjennbar krystall i det svake laget. • Lett å løse ut • 2 - Middels • Noen bratte heng NØ, Ø, SØ, S over 1000 moh • Fuktig snødekke. Har nok stabilisert seg ganske bra opptil ca 1200 moh. Truleg meir potent jo høgare ein kjem. Det mildre vêret, med nedbør som yr på denne høgda, gjer det overliggande laget mjukare. Tørre/fuktige flakskred kan forventes som følgje av dette skredproblemet. Set grensa på 1000 moh, men kunne moglegvis sett den høgare.
Skredfarevurdering
• Relativt stabile forhold opptil ca 1100 moh. Fokksnøflak i og over denne høgda kan påvirkes. • Gode forhold for stabilisering. Isotermt snødekke på denne høgda i denne himmelretning - sør-søraust. Med temperaturen som råder vil eg anta at stabiliseringa over nemnte høgde også går relativt hurtig, og vi byrjar å lukte på ein svak FG 2, mogleg FG 1 - Om det ikkje skjer noko radikale endringar i vêrsituasjonen. • 2 Moderat • Varslet faregrad er riktig
Notater
• Legg inn snøprofil i kveld, men ikkje nokon spektakulære funn å melde.