Faretegn
• Fersk vindtransportert snø • Område: Generelt på fjellet. Skildring: På køyreturen til Røldal såg eg d føyka i toppane. Middels-kraftig snøfokk. Sikkert lite snø å flytte på etter kvart. Frå aust. Det føyka framleis då eg køyrte heim, så vinden har nok flytta på litt snø i dag også - inn i vestlig-og overlappende sektorar.
Skredaktivitet
• 10. jan. I løpet av dagen (+01:00) • Ingen skredaktivitet • Observerte ingen fersk aktivitet.
Vær
• Ikke nedbør • -3 °C • 7 m/s fra Ø ← • 20% skyer • Relativt kaldt og klart. Kanskje eit par tre cm nysnø I natt. Vind i høgda. Litt meir skjerma i Håradalen, men tiltakande vind - mogleg meir dreiende/vekslande frå sør-søraustleg-austleg retning - påvirka av topografien.
Snødekke
• 90 cm • Moderat snøfokk • 3 cm • Nysnøgrense på 200 moh. Snøgrense på 500 moh. Grense for lagdelt snø er på 600 moh • Vindpakket myk • Tørr • Varierende overflate lokalt. Påvirka av vind i dei fleste himmelretningar, men innslag av ubunden snø i leformasjonar og i skogen. Varierende mengde snø i regionen (sjå eigen obs om det).
På dei mest aktuelle lokalitetane for skiferdsel i regionen, så finner ein eit samanhengande skiføre frå ca 600 moh. Merk at denne høgda ikkje er representativ for regionen sett under eitt. Opp til ca 800-900 moh så består snødekket stort sett av ubunden snø (i skogen), samt vindpåvirka snø som kviler på barmark. Marka er delvis frosen enkelte plassar, men her er det også variasjon i regionen. Over 800-900 moh består snødekket av meir tydeleg lagdeling: smeltepakke i botn, delvis kanta fokksnø over og ulike lag av nedføyka nysnø og fokksnøflak over (vinden har jobba med ulik hastigheit og periodevis dreiende vindretning).
Regionen har stor variasjon i mengde snø, men generelt er det relativt lite snø. Områda rundt Håradalen har bra med snø, medan det andre stadar kan vere særs dårleg føre like til 1300 moh.
Tester
• ECTP6@34cm(Q2) • Dårlig • Ulike lag som kviler på kanta fokksnø/delvis nedbrutt nysnø. Grov mot vest-nordvest. Tek ein kjapp sjekk høgare opp i sørlig sektor.
Snøprofil
• 1 test knyttet til snøprofilen • Nordvest vendt. Lite leheng: 30 grader (ca). • 6 Lagdeling • 9 temperaturpunkter observert
Skredproblem
• Tørre flakskred • Kantkornet snø over skarelag • Innen en halv meter • Det svake laget bryter både lett og glatt. Laget der bruddet skjer er tynt < 3 cm. Det overliggende laget er mykt. Stor, tydelig gjenkjennbar krystall i det svake laget. • Lett å løse ut • 2 - Middels • Noen bratte heng N, NØ, Ø, SØ, S, SV, V, NV over 800 moh • Det er ikkje utenkelig at dette kan gi str. 3 skred, men mest truleg str.2. Lokalt vil det vere aktuelt i "noen" til "mange" heng, men regionen sett under eitt så vil nok "noen" vere meir representativt.
• Tørre flakskred • Nedføyket svakt lag med nysnø • Innen en halv meter • Det svake laget bryter både lett og glatt. Det overliggende laget er mykt. Stor, tydelig gjenkjennbar krystall i det svake laget. • Lett å løse ut • 2 - Middels • Noen bratte heng N, NØ, V, NV over 600 moh
Skredfarevurdering
• Pågåande vindtransport fører til fersk pålagring. Ver difor obs på ferske fokksnøflak. Dreiende vindretning siste 24-48 t gjer det aktuelt i fleire himmelretningar. • Som kjent så er det på veg inn ei "Atmosfærisk elv" - noko som høyres valdsamt ut. Dette vil, avhengig av temp og nedbørsintensitet, gi auka skredfare. Ein bør eigentleg berre halde seg unna alt som heiter skredterreng når det står på som verst. Den ekstra belastninga på snødekket, som været truleg vil generere, vil føre til at ein kan få naturleg utløyste skred. Alt er avhengig av mengde og temp, men både våte laussnøskred, våte og tørre flakskred og kanskje sørpeskred vil vere aktuelt. Regionen ber preg av stor variasjon, så faregraden vil ikkje nødvendigvis vere representativ for heile regionen. • 3 Betydelig • Varslet faregrad er riktig • Per no så ligg vi truleg på ein FG3 evt sterk FG2. Summen av alle henga og skredproblema er kanskje "mange", spesielt mtp varierende vindretning, det er lett å løyse ut, og potensiale for str. 2 skred gir meg FG3. Ikkje umogleg at det kan gå str. 3 skred, og eg tenker difor at FG3 er fornuftig. Dog, det kan diskuterast om "mange" er å overdrive litt mtp utbreiing for regionen sett under eitt. Lokalt, der det er føre for ferdsel i- og nær skredterreng, så er summen "mange", men for regionen sett under eitt så er kanskje "noen" meir representativt då det i store deler av regionen er lite snø og følgjeleg ein lågare faregrad. Men om ein tek høgde for skredstr. 3, noko som ikkje er umogleg, så endar eg på ein FG3 uansett. Uansett viktig å presisere i tekstvarselet at det er variasjon i regionen. Der det er naturleg for ferdsel på alpine turski mtp snømengde, så er det FG3.
Notater
• Redigeres. Legg inn ny obs ligg høgare i terrenget i anna himmelretning.