Faretegn
• Ingen faretegn observert • Flatt lys, så vanskeleg å sjå. Registrerte mange eldre skred som var dekka av snø. Skreda gjekk ut under mildværet for eit par dagar sidan.
Skredaktivitet
• 31. jan. I løpet av dagen (+01:00) • Ingen skredaktivitet • Såg ingen ferske skred.
Vær
• Snø • -5 °C • 1 m/s fra NV ↘ • 80% skyer • Opplett på morgonen, som siste 12-24 timar. Eit par cm nysnø vitnar om litt nedbør i natt. Tiltakande snøbyger frå sirka kl. 12 i dag. Snøa relativt tett då eg drog heim kl. 14. Ingen vind av betydning tidleg på dag. Snøar no like til fjorden. 0 grader ved havnivå.
Snødekke
• 150 cm • Ikke snøfokk • 3 cm • Nysnøgrense på 0 moh. Snøgrense på 0 moh. Grense for lagdelt snø er på 700 moh • Litt tørr løssnø (1-10cm) • Tørr • I høgda er det stort sett skare med litt nysnø over. I enkelte leformasjonar har det samla seg meir vindtransportert snø. Meir ubunden snø lågare nede der vinden ikkje har fått like godt tak, men fjellheimen er relativt barbert etter mildvær like til topps og påfølgjande vind. Ein finner enkelte fokksnøflak i leformasjonar mot søraust-aust og antakelig i tilgrensande sektorar.
Som tidlegare er det stor variasjon i regionen. Mest snø rundt Håradalen og rundt Folgefonna. Det er ein del snø i indre del av dalane i ytre strøk, men der vinden har fått jobba er det stort sett glasert, no med eit lite nysnølag over. Det har samla seg mest snø i aust-søraustvendte leformasjonar. Det gjeld for heile regionen.
Tester
• CTM12@14cm(Q3) • Middels • Nedføyka nysnø som skredproblem. Antakelig har det akkumulert seg meir fokksnø i ein del meir utprega leformasjonar.
Skredproblem
• Tørre flakskred • Nedføyket svakt lag med nysnø • Innen en halv meter • Det svake laget bryter både lett og glatt. Stor, tydelig gjenkjennbar krystall i det svake laget. • Lett å løse ut • 2 - Middels • Få bratte heng NØ, Ø, SØ, S over 800 moh
Skredfarevurdering
• Ver obs der det har samla seg fokksnøflak. Flaka frå sundag stabiliserer seg gradvis. Tiltakande vind frå vestleg retning på tysdag vil på ny føre til ustabile flak mot aust og tilgrensande sektorar. • Snø i kombinasjon med aukande vind frå nordvest vil forsterke/vedvare skredproblemet. Det er meldt varierande vindstyrke utover dagen i dag, men frå i morgon av skal det ta seg enda meir opp. Litt dreiende vindretning vil aktualisere skredproblemet i fleire sektorar. Ser for meg ein FG2 utover dagen i dag og på føremiddagen i morgon, men tiltakande vind og nedbør i morgon fører truleg til ein FG3 utover dagen/mot kvelden - altså samla sett ein FG3 i morgon, men dette er avhengig av at prognosane slår til: Stiv kuling og relativt mykje snø gir utfordrande forhold. Dette er jo spesielt aktuelt der det allereie er bra med snø. For enkelte deler av regionen vil FG1 og FG2 vere meir aktuelt. • 2 Moderat • Varslet faregrad er riktig • Tendensar til svak Fg2 i dag, kanskje FG1, men dagen sett under eitt mtp utvikling utover dag så er FG2 greitt.