Hardanger / Ullensvang
CatoLeganger@obskorps (***)
Bilde 1 av 6 Av:  Snødekke Opphavsrett:  CatoLeganger@obskorps Kommentar:  Mjuke flak som sprekker opp rundt skia. Framprovosere mindre flak i små vestvendte forsenkningar.
Bilde 2 av 6 Av:  Snødekke Opphavsrett:  CatoLeganger@obskorps Kommentar:  Dels vindpåvirka overflate. Varierer mykje på lite område.
Bilde 3 av 6 Av:  Vær Opphavsrett:  CatoLeganger@obskorps Kommentar:  Mot sør. Det ligger ein del snø i ulike dalføre som har akkumulert vindtransportert snø. Her i Håradalen ved Røldal skisenter.
Bilde 4 av 6 Av:  Skredproblem Opphavsrett:  CatoLeganger@obskorps Kommentar:  Pinne står i brotflata. Dårlig binding mot underliggande skare. Smelteomvandla kantkorn nedst er relativt godt beskytta.
Bilde 5 av 6 Av:  Snødekke Opphavsrett:  CatoLeganger@obskorps Kommentar:  Søraust vendte heng. Relativt lite snø, men farbart.
Bilde 6 av 6 Av:  Snødekke Opphavsrett:  CatoLeganger@obskorps Kommentar:  Mot sør.
Faretegn
• Fersk vindtransportert snø • Område: Generelt på fjellet. Skildring: Relativt kraftig vind i dag tidleg/føremiddag; 16-17 m/s frå sørsøraust. Vekslande moderat til kraftig. Det løya utover dagen.
Skredaktivitet
• 28. des. I løpet av dagen (+01:00) • Tørre løssnøskred • Noen (2-5). 1 - Små. Naturlig utløst • Få bratte heng. Ø, SØ, S. Under 700 moh • Er nok aktuelt i alle himmelretningar som skredproblem, men ikkje noko større enn str. 1. Naturleg utløyste/svært lett å løyse ut. For dei neste dagane så vil nok dette arte seg som våte laussnøskred, i alle himmelretningar frå ca 800-900 moh og ned.
Vær
• Ikke nedbør • -5 °C • 7 m/s fra SØ ↖ • 90% skyer • Det fall ein del nedbør i går, som snø over 100 moh. Truleg ein del variasjon mtp mengde i regionen; 5-20+ cm. Mogleg det fall meir nedbør i ytre strøk enn indre strøk rundt Røldal. Ikkje nedbør i dag, men vind i dag tidleg - ref. notat.
Snødekke
• 75 cm • Moderat snøfokk • Nysnøgrense på 100 moh. Snøgrense på 500 moh • Vindpakket myk • Tørr • Bra • Kraftig/moderat snøfokk i høgda frå søraust i dag tidleg. Tok meir i ytre del av regionen enn indre del.
Det har falle litt meir nysnø i ytre del enn i indre del. Kanskje rundt 20+ cm i ytre del - variasjon.
Varierende snøoverflate. På konvekser er (siste) mildværsskaren framme i dagen. Mjuke-dels bærende fokksnøflak der vinden har jobba. Ubunden snø i forsenkningar. Jamn snømengde, men naturlig nok meir i leformasjonar. Bevega meg i mikroterreng mot sør-søraust og vest.
Det er mest snø i indre strøk rundt Røldal og opp mot Haukeli, men det er framleis relativt lite snø i terrenget. Til dels store regionale variasjonar.
Tester
• LBT@33cm(Q2) • Dårlig binding mot skare.
• CTM13@33cm(Q2) • Middels • Tilsvarende som LBT. Dårlig binding mot skare.
• ECTP11@33cm(Q2) • Middels • Tilsvarende som CT og LBT.
Snøprofil
• 3 tester knyttet til snøprofilen • Mot sør - 15 grader helling. • Vedvarende svakt lag: under flak • 6 temperaturpunkter observert
Skredproblem
• Tørre flakskred • Nedføyket svakt lag med nysnø • Innen en halv meter • Det overliggende laget er mykt. Stor, tydelig gjenkjennbar krystall i det svake laget. • Svært lett å løse ut • 2 - Middels • Få bratte heng N, V, NV over 700 moh • Basert på kraftig snøfokk frå søraust - fører til ferske fokksnøflak mot nord og nordvest. Kan gi str. 2 skred i spesielt utsatte formasjonar, men stabilisering vil gå fort mtp relativt gunstige temp. Framleis mogleg å løyse ut skred i motsatt sektorar på eldre fokksnøflak/nysnøflak - mot sør og tilgrensande sektorar, men truleg små skred av str. 1. Maks str 2 i svært få og spesielt utsatte heng, type bratte og større konveksar utan understøtte.
• Tørre flakskred • Dårlig binding mellom glatt skare og overliggende snø • Innen en meter • Det svake laget bryter både lett og glatt. Laget der bruddet skjer er tynt < 3 cm. Stor, tydelig gjenkjennbar krystall i det svake laget. • Lett å løse ut • 2 - Middels • Få bratte heng Ø, SØ, S, SV over 900 moh • Ingen teikn til kantkorn her. Ser kun nedbroten nysnø i lupa i overgang mot skaren. Hadde potensiale til å utvikle seg tidlegare, men det ser ikkje ut til at noko vidare har hendt. Mest utsatt i bratte formasjonar som har samla snø. Varierende mengde snø fører til at det truleg berre er aktuelt i få heng, pga manglande snø og stor nok utstreking (Få heng=regionalt - Nokre heng=lokalt). Er truleg aktuelt i alle himmelretningar, men eg observerte det mot vest-sør-søraust i dag.
• Tørre flakskred • Kantkornet snø ved bakken • Innen en meter • Stor, tydelig gjenkjennbar krystall i det svake laget. • Svært vanskelig å løse ut • 2 - Middels • Noen bratte heng N, NØ, Ø, SØ, S, SV, V, NV over 1000 moh • Registrere det, men truleg ikkje aktivt problem per i dag, utover der snødekket er tynt - bratte konvekser. Dels smelteomvandla på denne høgda, men tydelege kant/beger igjen. Det er også beskytta av eit skarelag, ca 7 cm tjukt, som truleg strekker seg høgt til fjells - rundt 1300+ moh.
Skredfarevurdering
• Ver varsom i bratte formasjonar der det er skiføre og det har danna seg ferske flak. Skred kan lausne av seg sjølv. Skredproblemet kan vere aktuelt i fleire himmelretningar og vil forsterke seg dei neste 24-48 timane. • Om været slår til så vil vi nok ende på ein skarp FG2+ eller FG3-, der tydeleg tekst er viktig. Regionen er litt delt. I ytre del har vi kjente skifjell på rundt 1300+ moh, vest/nordvestvendte, som per i dag ikkje har skiføre, medan det i dalføre, som t.d. Håradalen, rundt Røldal, har relativt greit med snø frå ca 500-600 moh og opp. Det er ikkje mykje snø, men nok til at været som kjem vil gi ein skarpare situasjon der. Det er både lokale og regionale forskjellar.
Mildare vær kan føre til at vi få våte skredproblem frå ca 800-900 moh og ned, mest truleg som våte laussnøskred. Kanskje enkelte våte flakskred i "Få heng", naturleg utløyste, str. 2.
Enkelte kjente skredlaup frå Folgefonna og ned mot Sørfjorden kan få naturleg utløyste skred om vind og nedbør kjem som meldt.
• 2 Moderat • Det er igrunn lite snø, og skredproblema har relativt liten utbreiing, regionalt sett. Lokalt så vel som regionalt så veksler vi onsdag mellom FG1 og FG2. Om været slår til, så ligger vi kanskje på ein skarp FG2+/FG3-. Dette vil ikkje vere representativt for store deler av regionen, men i utsatte formasjonar - i dei områda der det per i dag er naturleg å ferdes på ski. Det er litt utfordrande å setje ein faregrad slik stoda er. I dei områda som det er naturleg at folk vil oppsøke for skikøyring, har vi lagdelt snø med aktuelle skredproblem representert. Om utbreiinga er stor nok, er vanskeleg å sei, men dette er område som uansett vil få ein skarpare skredfare dei neste dagane. Det skal falle ca like mykje nedbør i heile regionen, men det skal vere litt kraftigare vind i ytre del. Dette er område som treng generelt meir snø før vi det er tilstrekkeleg skiføre. Vi har fjell på 1300+ moh som i dag ikkje har skiføre. Indre del ligger kanskje FG2+/FG3- medan ytre del ligg på FG1+/FG2-.
Notater
• Redigere obs seinare.