Bilde 1 av 7 Av:  Snødekke Opphavsrett:  CatoLeganger@obskorps Kommentar:  Frosne bekker og stikkrenner kan gi trøbbel for ifm av oversvømmelser når været dreg seg til.
Bilde 2 av 7 Av:  Snødekke Opphavsrett:  CatoLeganger@obskorps Kommentar:  Vått. Vestvendt skoggrensa.
Bilde 3 av 7 Av:  Snødekke Opphavsrett:  CatoLeganger@obskorps Kommentar:  Det vetle som ligg av snø smeltar fort i skrivande stund.
Bilde 4 av 7 Av:  Snødekke Opphavsrett:  CatoLeganger@obskorps Kommentar:  Lugger godt under skia, så må sikkert stake meg ned att.
Bilde 5 av 7 Av:  Vær Opphavsrett:  CatoLeganger@obskorps Kommentar:  Det har vore finare dagar.
Bilde 6 av 7 Av:  Snødekke Opphavsrett:  CatoLeganger@obskorps Kommentar:  Det ligger litt snø i terrenget. Vestvendt 700 moh. Det som er av snø har sunke saman.
Bilde 7 av 7 Av:  Snødekke Opphavsrett:  CatoLeganger@obskorps Kommentar:  Eigentleg mest fornuftig å sitje føre peisen med ei god bok og ein kopp te i dag.
Faretegn
• Rask temperaturstigning • Område: Fylket/varslingsregionen
• Mye vann i snøen • Område: Fylket/varslingsregionen
• Intens snøsmelting • Område: For kommunen
Skredaktivitet
• 15. des. I løpet av dagen (+01:00) • Ingen skredaktivitet • Lokalt ikkje nok snø til skred av betydning. Redusert sikt i høgda gir meg ikkje utsyn til høgareliggande skredterreng.
Vær
• Regn • 2,5 °C • 3 m/s fra SV ↗ • 100% skyer • Regn frå I går kveld. Varierende intensitet. I skrivande stund høljar det ned!
Snødekke
• 30 cm • Ikke snøfokk • 3 cm • Våt løssnø • Meget våt • Dårlig • Gjennomfukta snødekke lokalt, opp til ca 800-900 moh. Lite snø.
Det er jamt over lite snø, og nedbør som regn vil tære enormt på det tynne snødekket. Det er litt meir snø i indre del ifht ytre, samt i leformasjonar mot sørvest og tilgrensande sektorar. Det har lasta ein del snø med vind frå nordaust-aust i vinter, men det er også her relativt tynt. Sjå tidlegare obs, Røldalsfjellet onsdag, for tankar om lagdeling. I grove trekk så er det innslag av kantkorn over/under skare frå ca 1000 moh og opp. Det er også kantkorn i lågareliggande terreng, men då mot bakken med laussnø/fokksnø over. Det vil verte raskt gjennomfukta med været som er no. Frost i bakken kan føre til skred ved bakken.
Tester
• • Ikkje utført test pga manglande mengde snø. Ville fått utslag i våte laussnøskred om eg testa lokalt.
Snøprofil
• Ikkje det store poenget å grave snøprofil lokalt. Smelteomvandla og isotermt.
Skredproblem
• Våte løssnøskred • Ubunden snø • Naturlig utløst • 1 - Små • Mange bratte heng N, NØ, Ø, SØ, S, SV, V, NV over 700 moh
• Våte løssnøskred • Ubunden snø • Naturlig utløst • 2 - Middels • Få bratte heng S, SV, V over 1000 moh • Det kan nok gå større skred, anten laussnøskred eller flakskred i veldefinerte og kjente skredlaup. Tenker at dette er mest aktuelt i formasjonar som har samla ein del snø; sør-sørvest og vest.
• Våte flakskred • Opphopning av vann i/over lag i snødekket • Innen en halv meter • Naturlig utløst • 2 - Middels • Få bratte heng N, NØ, Ø, SØ, S, SV, V, NV over 1000 moh • Mest aktuelt i få formasjonar mot vest-sørvest-sør - sjå skredproblem ubunden snø str. 2 skred.
• Tørre flakskred • Nedføyket svakt lag med nysnø • Innen en halv meter • Svært lett å løse ut • 2 - Middels • Få bratte heng N, NØ, Ø over 1000 moh • Legg denne inn som eit skredproblem. Det var ikkje aktuelt der eg var i dag, men basert på temp i dag, samt inhenting av info frå værstasjonar, så kan dette i skrivande stund vere aktuelt over 1000-1100 moh. Mogleg denne grensa vil justere seg gjennom helga; tidvis høgare - tidsvis lågare. Vi får sjå kor mykje vind det vert....
Skredfarevurdering
• Tja, det er nok ikkje rette dagen å ferdes på ski i høgfjellet. Mildvêrsgrensa stig, og snødekket bere følgjeleg preg av det. Det er vått, og om du skal til fjells så bør du vere obs på faren for naturleg utløyste skred, spesielt i tilknytning til bratte overliggande formasjonar. Hold god avstand til skredterreng. Det er relativt lite snø i terrenget, og i dei formasjonane der det er mest fornuftig å ferdes på ski, i den grad dei finnes denne helga, så kan det vere tilstrekkelig mengde snø til at det kan lausne store nok skred til å begrave deg. Disse kan lausne naturleg. Utbreiinga er høgst (!) variabel.
Over mildværsgrensa kan det ha etablert seg fokksnøflak. Disse vil nok vere lette å påvirke. Etter kvart som temp. stig og regnet tiltar i styrke så vil ein gå frå tørre flakskred til våte. Over mildværsgrensa så vil fokksnøen ha relativt gunstig temp for stabilisering, men mengden nysnø i komb. med vind vil utgjere eit problem. Det store spr. er kor høgt grensa kjem til å gå. • Det byrja å regne i går, og har utover dagen i dag, fredag, vore varierandei intensitet. Er vi heldige så har snødekket gradvis vorte fukta slik at det slepp det heilt store sjokket når nedbøren evt skal ta seg enda meir opp utover kvelden og i helga. Skredfaren vil nok auke etter kvart, utover kvelden i dag og i morgon, men som nemnt, det er høgst varierande kor mykje snø det er, og om det er tilstrekkeleg utbreiing til at det utgjer fare for dei heilt store snøskreda. Det vil vere i få heng. Tenker at sjølv om det skal kome meir nedbør på sundag, så vil skredfaren mest truleg avta litt som følgje av intensiteten i kveld og i morgon.
Ver også obs på at det som følgje av attfrosne vassdrag og stikkrenner langs vegar osb, kan lausne sørpeskred. Det er relativt lite snø, så utbreiing av større skred er nok lite truleg, men ver obs på at sørpeskred arter seg annleis. • 2 Moderat • Varslet faregrad er riktig • Lokalt er det låg skredfare, men regionalt er det nok fornuftig med FG3, i morgon, til vi er forbi det værste. Dog, det vil ikkje vere like representantivt for heile regionen. Har ein følelse på FG2/kanskje FG3 frå i kveld - FG2(!) i morgon - sundag; mengden nedbør tilseier ein hissig situasjon, men det spørs kor mykje snø som er att mtp snøskredfare...